Leiar | Nestleiar |
---|---|
Erica Ruiz Solhjem | Niels Adon Leenders |
Medlemar | ||
---|---|---|
Nikola Bileska | Joakim Myklebost Tangen | Emily Stangvik |
Reidar André Heilevang | Vilde Solbakken Kvalvik | Jens Aklestad |
Gyda Ulrikke Waagbø |
Vara | ||
---|---|---|
Ola Fredriksen Orset (1. vara) | Nicolai Kløvning (2. vara) | Julia Pater-Walderhaug (3. vara) |
Niklas Sæbjørn Hansen (4. vara) | Skaiste Jonaityte (5. vara) |
Ungdomspanelet er ungdommens fylkesting sitt arbeidsutval. Dei har om lag 9 møte i året og skal representere ungdom i Møre og Romsdal på fylkesnivå og ha kontakt med lokale ungdomsråd.
Gjennom ungdomspanelet skal ungdom i Møre og Romsdal ha reell medverknad, påverke politiske saker i fylkeskommunen, auke ungdommar sitt samfunnsengasjement og bidra til opplæring og erfaring i demokratiske prosessar.
Ungdomspanelet skal vere eit høyrings- og rådgivande organ for Møre og Romsdal fylkeskommune. Ungdomspanelet kan sjølv ta opp saker dei ønsker fremme for administrasjonen eller politiske organ i fylkeskommunen.
Ungdomspanelet har ni medlemmar og fem varamedlemmar. Medlemmane skal veljast frå representantane på ungdommens fylkesting og det sittande ungdomspanelet. Medlemane i UP blir valt for to år og skal bestå av ungdom mellom 15 og 19 år som har tilknyting til fylket i den aktuelle valperioden.
Spørsmål: ungdomspanelet@mrfylke.no
Har du spørsmål eller ønske om å komme i kontakt med ungdomspanelet? Ta kontakt på ungdomspanelet@mrfylke.no eller via facebook.com/ungimore