Ungdommens fylkesting

Kvar haust arrangerer Ungdomspanelet (UP) og Møre og Romsdal fylkeskommune Ungdommens fylkesting (UFT). UFT er ungdommane sitt øvste politiske organ i fylket. Dei diskuterar viktige saker som gjeld ungdom i fylket. I tillegg vel dei eit UP som sitt arbeidsutval som jobbar mellom kvart fylkesting. UFT lagar eit handlingsprogram som Ungdomspanelet skal arbeide med det kommande året og Ungdomspanelet rapporterar til UFT om sitt arbeid.

Kommunane i Møre og Romsdal blir invitert til å sende to delegatar til ungdommens fylkesting. Kommunar større enn 20 000 innbyggarar får sende tre delegatar.

Ungdomspanelet kan invitere inntil 10 delegatar frå organisasjonar som representerer ungdom til ungdommens fylkesting. Desse delegatane har røyste-, tale- og forslagsrett.

Vedtak fatta av UFT er viktige og retningsgjevande for fylkestingspolitikarane i Møre og Romsdal fylkeskommune. Kvart år blir det invitert forskjellig gjester som stiller med kunnskap og engasjement.

Gjennom UFT og UP skal ungdom i Møre og Romsdal få reel medverknad, kunne påverke politiske saker i fylket og auke ungdommens samfunnsengasjement. UFT og UP skal stimulerer til politisk engasjement samt få opplæring og erfaring i demokratiske prosessar.

Spørsmål: ungdomspanelet@mrfylke.no 

 

Årets ungdomsråd

Ungdommens fylkesting deler ut prisen Årets ungdomsråd i Møre og Romsdal. Prisen skal gå til råd som har gjort ein god jobb ved å legge til rette for medverknad for ungdom.

Send inn dersom du har forslag til kven som kan bli Årets ungdomsråd 2021.

Har du spørsmål ta kontakt med ungdomspanelet på ungdomspanelet@mrfylke.no

Retningslinjer for Årets ungdomsråd: 

1. Prisen "Årets ungdomsråd i Møre og Romsdal "blir delt ut årleg av ungdomspanelet i Møre og Romsdal.

2. Prisen skal gå til ungdomsråd som har utmerka seg ved å: Legge til rette for medverknad for ungdom. Skape gode møtestader for ungdom. Bidra til eitt allsidig fritidstilbod for ungdom, eller på anna vis har gjort ein særskilt innsats for ungdom i kommunen

3. Prisen delast ut innan april året etter at kåringa er gjort, og gjeld inneverande år.

4. Ungdomsråd kan nominerast av alle som har tilknyting til Møre og Romsdal fylke.

5. Nomineringa skal sendast i skriftleg form til ungdomspanelet innan den annonsert fristen.

6. Nomineringsbrevet må innehalde ei grunngjeving for nomineringa

7. Ungdomspanelet pliktar å gjere prisen kjent for alle kommunane, og ungdomsråda i fylket, samt å annonsere prisen godt.

8. Ungdomspanelet sett kvart år frist for nominering, og planlegg informasjonsstrategi for prisen.

9. Ungdomspanelet står fritt til å velje blant innkome nominasjonar før dei leggast fram for Ungdommens Fylkesting.

10. Medlem i ungdomspanelet kan ikkje nominere ungdomsråd til prisen. Heller ikkje presentere nominasjonar for Ungdommens Fylkesting.

11. Mottakar av prisen er offentleg når avgjerda er tatt, men møtet vert lukka under handsaminga.

12. Prisen består av eit diplom og kroner 10 000 som årets ungdomsråd skal nytte til prosjekt/tiltak som vil gagne ungdom.

13. Ungdomspanelet tek atterhald om retten til ikkje å dele ut prisen. Forslag om at ungdomsråda skal legge fram årsrapport på UFT.

 

Påmelding ungdommens fylkesting

Her kan du melde på delegatar til ungdommens fylkesting. Påmeldingsfrist: 1. oktober 2021

  • Kommunar med over 20 000 innbyggarar: Tre representantar + to vara
  • Kommunar med under 20 000 innbyggarar: To representantar + to vara
  • Organisasjonar/lag/foreiningar: To representantar + to vara

Representant 1

Representant 2

Representant 3

Vararepresentant 1

Vararepresentant 2

Kontaktperson/koordinator kommune/organisasjon

Innkalling blir sendt ut tre veker før. Det er viktig at du sender tilbake samtykkeskjemaet som ligg ved innkallinga.

Snarvegar

Kontakt