Møre og Romsdal er eit attraktivt reisemål, og turistane spør etter det autentiske og "det lille ekstra". Lokale mattradisjonar er ein viktig del av vår kultur. Å kunne tilby tilreisande og lokalbefolkninga gode matopplevingar, er viktig for auke lønsemda i reiselivsnæringa og styrke Møre og Romsdal som opplevingsfylke.
Prosjektleiar: Monica Elin Mohr Gjesdahl, monica@2469reiseliv.no
Møre og Romsdal fylkeskommune tok hausten 2015 initiativ til å etablere forprosjektet "Mat og reiseliv i Møre og Romsdal – grøn og blå sektor". Forprosjektet hadde som mål å finne ut kva som skal til for at Møre og Romsdal skal bli kjent som eit "matfylke" i reiselivssamanheng, og ikkje berre som råvareleverandør. Det blei også arbeidd med å finne svar på kvifor vi ikkje har lyktes med å gjere lokale råvarer meir tilgjengelege for lokalbefolkning og tilreisende. Det blei gjennomført ei omfattande kartlegging blant reiselivs- og mataktørar lokalt i fylket, nasjonalt og til dels internasjonalt, som resulterte i rapporten "Lokal mat for lokal utvikling" av Lønning og Barstad (2016). Les rapporten her.
Dette prosjektet skal bidra til å løfte fram og koble lokal mat til lokale natur- og kulturopplevingar, slik at Møre og Romsdal kan bli Norges mest attraktive og lønsame reiselivsfylke.
Dette betyr at vi skal løfte fram og koble lokal mat og kultur til våre natur- og aktivitetsopplevingar på ein slik måte at Møre og Romsdal blir Norges mest attraktive og lønsame reiselivsfylke.
Prosjektet startar med delprosjekt 1 og 2. Delprosjekt 3 og 4 fasast deretter inn når det er naturlig.
Målet med delprosjekt 1 er å utvikle marknadsorienterte produkt og konsept av høg kvalitet, som er etterspurt i marknaden av turistar og lokalbefolkninga. Produkta og konsepta som utviklast skal vidare bidra til at Møre og Romsdal forsterkar sin posisjon som eit "aktivitets- og opplevingsfylke".
Målet med delprosjekt 2 er å heve kompetansen i mat- og reiselivsnæringa på lokale mattradisjonar og bruk av lokale råvarer, for utvikling av gode matopplevingar. Det er vidare eit mål å heve statusen til kokkeyrket, samt å auke rekrutteringa til restaurant- og matfag, og reiselivsfag i skulen.
Målet med delprosjekt 3 er å auke attraktiviteten til fylket som reisemål, gjennom auka fokus på marknadsføring av dei unike opplevingane av lokal mat, drikke, kultur og natur, som fylket vårt har å tilby.
Målet med delprosjekt 4 er å auke tilgangen på- og bruken av lokale råvarer og produkt, gjennom sikring av leveransar frå produsentane til reiselivsaktørane i fylket og til detaljhandelen.