Prosjekt og program

Porteføljestyring

Porteføljeansvarleg (leiar av prosjektarenaen), vil også ha det overordna ansvaret for porteføljestyringa i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Porteføljestyring dreier seg om å identifisere, prioritere og iverksette prosjekta og programma våre, samt å følge opp leveransane.

Portefølja er samlinga av alle vedtekne og pågåande prosjekt og program som skal sikre at vi oppnår dei strategiske måla våre i for eksempel i fylkesplana.

Porteføljestyringa i Møre og Romsdal fylkeskommune blir etablert på to nivå.

Nivå 1 er fylkeskommunedirektøren si portefølje. Porteføljestyret består av fylkeskommunedirektør, assisterande fylkeskommunedirektør, organisasjonssjef og leiarane for fag- og tenesteområda. Større tverrgåande utviklingsprosjekt og -program skal ligge i denne portefølja, saman med prosjekt og program av ein viss økonomisk storleik (vegprosjekt og bygg- og eigedomsprosjekt inngår ikkje). Fylkeskommunedirektøren si portefølje blir i det daglege følgt opp av porteføljeansvarleg ved at vedkommande blir eit bindeledd mellom porteføljestyret og prosjektleiinga for det enkelte prosjekt og program.

Nivå 2 består av prosjekt og program for kvart fagområde. Leiargruppene på fagområda utgjer det vi kallar delporteføljestyre. Kultur har vore pilot i arbeidet med å teste ut arbeidet med ei delportefølje.

Erfaringar viser at det er nødvendig at styring av prosjekta blir koordinert med andre fristar og leveransar/prosessar i organisasjonen. Det har derfor blitt utvikla eit årshjul for porteføljestyringa. Eit sentralt kriterium for årshjulet, er at aktivitetane er relevante og nyttige for og koordinerte med økonomiplanprosessen.

Årshjulet syner når og korleis ein skal følge opp portefølja på dei to nivåa, og fordeler oppgåver mellom dei ulike rollane.  Årshjulet for porteføljestyring tek også opp i seg oppgåvene til dei einskilde prosjektleiarane. 

Prosjekt og program

Kontakt