Prosjektarenaen skal sikre tverrfagleg samarbeid for å kunne følge opp større satsingar, og for god gjennomføring av større prosjekt og program. Prosjektarenaen skal med det fremme samarbeid på tvers og, mellom dei ulike nivåa i organisasjonen, og mot eksterne.
Ei av dei viktigaste oppgåvene til prosjektarenaen er å tilby opplæring i prosjektfaget og i rammeverket for prosjektarbeid i Møre og Romsdal fylkeskommune gjennom Fylkesakademiet og under fana Prosjektleiarskolen. Vi vil tilby kompetanseheving både gjennom kurs og til dømes frukostmøte.
Alle enkeltprosjekt i prosjektarenaen skal gjennomførast i tråd med vårt rammeverk for prosjektarbeid. Dette inneber at prosjekta vil ha sin prosjektorganisasjon med prosjektleiar, prosjektansvarleg, prosjekteigar og styringsgruppe. Porteføljeansvarleg, som leiar prosjektarenaen, vil framleis både kunne leie og delta aktivt i enkelte prosjekt.
Prosjektarenaen skal
Vi ønsker å skape ein levande arena der alle som deltek i prosjekt og program kan kome for å bygge nettverk og for å vere ein del av eit fellesskap. Prosjektarenaen vil samhandle tett med den nye seksjonen for tenesteutvikling og digitalisering. Seksjonen vert ein ressurs for mellom anna gjennomføring og fasilitering av workshops og ein fagleg ressurs for tenesteutviklings- og prosjektarbeid.
Prosjektarenaen får mellombels lokasjon i første etasje på fylkeshuset saman med seksjon for tenesteutvikling og digitalisering. Frå juni finn de oss i lokala som ligg på sørsida like ved Regional og Næring og inngangen mot vest.