Styrking av Ungt Entreprenørskap

Ungt Entreprenørskap fornyar og inngår no nye samarbeidsavtalar med alle kommunane i fylket om satsing på Ungt Entreprenørskap. Det er eit klart mål å få med flest mogleg av kommunane på denne satsinga.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal ser på arbeidet med Ungt Entreprenørskap (UE) som viktig for utviklinga i fylket vårt. Fylkeskommunen er allereie tungt inne i dette, og statsforvaltaren gjer det no mogleg for kommunane å søke skjønnsmidlar for gjennomføring av programmet på grunnskulenivå.

Søknadsfristen for skjønnsmidlar frå Statsforvaltaren for 2022 er 1. juni. Les meir om søknad om skjønnsmidlar her: https://www.statsforvalteren.no/nn/More-og-Romsdal/Kommunal-styring/Kommuneokonomi/skjonnsmidlar-og-fylkesloftprosjektskjonn-for-2022/

Les meir om Ungt Entreprenørskap og programma i grunnskulen her:
https://www.ue.no/program

For spørsmål om satsinga på Ungt Entreprenørskap eller fornya kommuneavtale, ta kontakt med dagleg leiar Lars Øyvind Baltzersen i UE Møre og Romsdal. https://www.ue.no/kontakt/moreogromsdal

Kontakt