Nullvisjon for utenforskap

Utanforskap var ei av utfordringane mange av deltakarane i Møre og Romsdal 2025 framheva som viktig å arbeide saman om i starten av programmet. I løpet av programperioden har denne samfunnsutfordringa blitt større, og spesielt i pandemiperioden (2020-21) har dei sosiale forskjellane auka. Å motverke utanforskap og arbeide for sosial inkludering er hovudoppgåve for offentleg sektor i åra framover.

Møre og Romsdal 2025 har fleire prosjekt i oppstart for å motverke utanforskap blant barn og unge, m.a.:

Forprosjekt på tiltak mot fråfall i vidaregåande opplæring

Hausten 2020 var Kristiansund VGS samen med Høyskolen i Molde, Høyskolen i Volda, Møreforsking, NTNU og NAV med på eit felles prosjekt som skal;

  • Vurdere effekten av tiltaka som Kristiansund VGS har satt i gang for å hindre fråfall i vidaregåande opplæring
  • Vurdere nye og supplerande tiltak
  • Vurdere korleis tiltaka blir implementert

Prosjektet skal gi tilgang til eksisterande forsking og utvikle ny kunnskap til nytte for arbeid i vidaregåande opplæring. Resultata frå prosjektet skal formidlast m.a. til dei andre vidaregåande skolane i fylket, og brukast i vidare prosjektsamarbeid mellom prosjektdeltakarane.

Kontaktperson for prosjektet:

Stine Ekornes

E-post: stine.m.ekornes@ntnu.no

Kontakt