Levekårsnettverket

Eit strategisk samarbeid mellom statlege og regionale aktørar på velferdsområdet om oppgåveløysingar for å kunne gi gode og samordna tenester til kommunane.  

Levekårsnettverket blei oppretta under Nyttårskonferansen 2019. Ved oppstart var Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, Husbanken Midt-Norge, IMDi Midt-Norge, NAV og KS partane i nettverket.

I 2021 er medlemmane:

  • Rigmor Brøste, Statsforvaltar i Møre og Romsdal (Leiar)
  • Georg Ole Vesterhus, Regiondirektør, Husbanken
  • Stein Veland, Direktør, NAV Møre og Romsdal
  • Heidi-Iren Wedlog Olsen, Kulturdirektør, Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Marit Elin Eide, Regiondirektør, Statped Midt-Norge
  • Erik Brekken, Kompetanse og Næringsdirektør, Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Ketil Evjen, konst regiondirektør, Kriminalomsorga Region Vest
  • Wenche Solheim, Leiar for Kommunedirektørutvalet, KS Møre og Romsdal
  • Grete Teigland, Direktør, Helse og sosialavdelinga, Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
  • Pål Christian Bergstrøm, Regiondirektør, BUFetat Midt-Norge

Mål for levekårsnettverket i Møre og Romsdal:

  • Skape eit forum der statlege og regionale aktørar samarbeider om oppgåveløysingar på prioriterte område for å kunne gi koordinerte tenester til kommunane på velferdsområdet.
  • Samordne sine satsingar og verkemiddel for å styrke effekten, og slik bidra til å yte samanhengande offentlege tenester til innbyggarane i fylket.
  • Starte fellessatsingar der utfordringsbildet viser at det er nyttig.

Kontaktperson for prosjektet:

Rigmor Brøste, Statsforvaltar i Møre og Romsdal.

Illustrasjon over levekårsnettverket

Kontakt