Kva er Møre og Romsdal 2025?

Møre og Romsdal 2025 er eit program der offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal arbeider saman for å styrke regionen. Programmet etablerer møteplassar og fasiliterer fellessatsingar på områder der offentleg sektor ser behov for betre samarbeid.

  • Fylkestinget og Stortinget har som ein del av regionreforma vedtatt at Møre og Romsdal skal halde fram som eige fylke. Frå 2020 er fylket tredje minst etter folketal, og behovet for å posisjonere seg i det nye fylkeslandskapet veks. Samarbeid, samling og samordning av offentleg sektor i fylket er viktig for å vise seg som ein sterk region på nasjonalt nivå.
  • Møre og Romsdal har også potensial for meir og betre samarbeid med statlege aktørar med hovudkontor utanfor fylket. Å opprette gode samarbeidsarenaer og informasjonskanalar mellom dei tre nivåa i offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal - kommunar, fylkeskommune, fylkesmann og statlege aktørar – er verdifullt for samfunnsutviklinga i fylket.
  • Samfunnsutfordringane offentleg sektor skal løyse i Møre og Romsdal er komplekse og sektorovergripande, medan offentleg sektor er oppdelt både fagleg og geografisk. Samarbeid på tvers av sektorar og forvaltningsnivå vil hjelpe offentleg sektor å yte gode tenester til innbyggarane i fylket.

I første halvanna programåret la Møre og Romsdal 2025 vekt på å etablere møteplassar som grunnlag for samarbeid mellom aktørane i offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal.

Programmet spurte i 2018/2019 statlege aktørar og kommunar om kva slags samarbeid dei ønska, og kva område dei ønska å utvikle nye eller betre samarbeid på. Tilbakemeldingane varierte – frå ønske om breie strategiske fora til heilt konkrete faglege samarbeid. Tema som gjekk igjen var møteplassar, digitalisering, utanforskap, klima/berekraft.

Desse tilbakemeldingane er grunnlag for aktivitetane i Møre og Romsdal 2025

Overordna mål for programmet er:

Offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal er godt samordna og ein sterkare utviklingsaktør for Møre og Romsdal. 

Resultatmåla som skal bidra til dette er:

  • Offentleg sektor i Møre og Romsdal har god kunnskap om og kjennskap til kvarandre, og samarbeider ut frå felles forståing av utfordringar og moglegheiter i fylket.
  • Det er utvikla forpliktande samarbeid og regionale fellessatsingar som styrker Møre og Romsdal.

Dokumenter