Berekraftfylket Møre og Romsdal

Berekraftsfylket Møre og Romsdal er eit initiativ frå Møre og Romsdal fylkeskommunen om ei felles regional satsing på berekraft. Målet er at satsinga skal bidra til eit koordinert og metodisk krafttak for å nå FNs 17 berekraftsmål innan 2030. Alle kommunane i fylket er med i satsinga og har kartlagt status på berekraft gjennom FN-programmet U4SSC – United for Smart Sustainable Cities. Vi legg dei fire prinsippa i Stavangererklæringa til grunn for arbeidet med berekraftfylket. Dei fire prinsippa er:

  1. Gje alle kunnskap om status (på berekraft) i sitt lokalsamfunn
  2. Utvikle planar for samfunnsutvikling som viser korleis vi skal nå berekraftsmåla
  3. Mobilisere og støtte innbyggarar, næringsliv, organisasjonar og akademia som bidrar til berekraftig utvikling
  4. Måle og evaluere effekten av innsatsen

Samarbeid og nettverksarbeid står sentralt for satsinga og derfor involverer vi ei rekke aktørar, både frå næringsliv, offentleg sektor, akademia og frivilligheita i arbeidet med berekraftfylket. Berekraftfylket jobbar også tett saman med det nasjonale berekraftsnettverket saman med ei rekke andre norske kommunar, fylkeskommunar og KS.

Snarvegar

Kontakt