Practica Canarias - mobilitet i fag- og yrkesopplæring

EU-prosjektet “Practica Canarias” er eit Erasmus+ prosjekt for mobilitet i fag- og yrkesopplæring (VETVocational Education and Training) med lærlingar frå reiselivs-, sal- og kontorfag.

Den spanske reiselivsskolen HECANSA er partnar. Målet med prosjektet er at lærlingane innanfor desse fagområda skal få relevant, internasjonal kompetanse i læretida. I løpet av prosjektperioden har åtte lærlingar frå heile fylket arbeidd i tre månader ved ulike institusjonar på Gran Canaria, i periodar med lågsesong her heime.

Prosjektet blir avslutta våren 2019, men innhaldet i prosjektet vil bli vidareført i fylkeskommunen sitt felles Erasmus-prosjekt «Skills for the Future 2018-2020» og «The central skilled worker 2019-2021».

Kontakt