EU-prosjekt for mobilitet av ungdom og tilsette i vidaregåande opplæring 2020-2022

Den internasjonalt kompetente fagarbeidar 2020-2022

Fylkeskommunen fekk tildelt midler til prosjektet «Den internasjonalt kompetente fagarbeider i Møre og Romsdal» for perioden 2020 – 2022. Målet med prosjektet er å gi elevane og lærlingane internasjonal erfaring innan sine fagområde, erfare andre måtar å organisere og leie arbeidet på, lære om språk og kultur, og ikkje minst motivere elevane og lærlingane til å gjennomføre og bestå fagopplæringa. To vidaregåande skoler, fire opplæringskontor og seksjon for opplæring i bedrift ved fylkeskommunens utdanningsavdeling var med i fellessøknaden med kvar sine delprosjekt. 

Elevar frå utdanningsprogrammet salg, sørvis og reiseliv fra Ulstein vgs skal ha praksis i 20 dagar ved hotell på Gran Canaria. Elevar frå Rauma vgs skal til Finland, der dei skal ha praksis blant anna på helseinstitusjonar. Lærlingar innan forskjellige lærefag skal ha praksis ved ulike sals- og reiselivsbedrifter på Gran Canaria, ved barnehagar på Malta og ved Optimar sine produksjonsanlegg i Spania og Romania.  Lærlingar i fiske og fangst skal ha delar av læretida si på ein av båtane til Royal Greenland frå Nuuk på Grønland. I dette prosjektet er det også fokus på urfolksproblematikk. 

Etterutdanning for lærarar i fremmedspråka tysk, fransk og spansk

For tilsette har Møre og Romsdal frå 2020 til 2022 eit konsortium der tre vidaregåande skoler er med i prosjektet «Etterutdanning for lærere i fremmedspråka tysk, fransk og spansk». Lærarar frå Ålesund vgs, Haram vgs og Atlanten vgs skal jobbskygge undervisning ved skoler i Østerrike, Belgia og Spania i perioden 2020 – 2022.

Kontakt