Vil du bli ein del av Campus Kristiansund?

Bilde av ei kvinne og ein mann som står i fronten dei planlagte bygningane på Campus Kristiansund

Fylkeskommunen etablerer no eit sterkt og tverrfagleg lag, som skal bidra til å realisere Campus Kristiansund. Her er alle dei tyngste fagområda til fylkeskommunen representert med om lag 40 tilsette i eit felles kontorfelleskap, like ved campusområdet. I 2024 er det nye campusbygget klar til innflytting. Når bygget står klart, er målet at fylkeskommunen skal ha mellom 60 og 70 tilsette på campus.

Ledige stillingar i Kristiansund:

Alle ledige stillingar ligg ute på mrfylke.no/jobb

Vi ser etter deg som har lyst til å vere med og utvikle og prege dette unike prosjektet frå starten, som blir trigga av å vere med på ei spennande reise, og som tenker offensivt.

Sidan 2020 har vi tilsett fleire nye som skal blir ein del av fylkeskommunen si satsing på Campus. Kanskje du er den vi ser etter?

Det er i Kristiansund det skjer!

Dette er ein av dei mest offensive satsingane på kunnskapsmiljø dei kommande åra. 

Campus Kristiansund blir ein av dei mest attraktive arbeidsplassane i regionen vår, med ein unik og nyskapande nærleik mellom problem og problemløysarar, mellom praktiske utfordringar og teoretiske modellar, mellom kunnskapsformidlarar, kunnskapsbyggarar og verdiskaparar. Bli med og bygg vårt mest nyskapande kunnskapsmiljø!

Framover blir det bygd det studentbustader og servicetilbod i tilknyting til campus. Fylkeskommunen, kommunen og staten bygger nytt opera- og kulturhus i sentrum. Saman med campus vil det gi byen og heile regionen eit nytt løft.

Kva er Campus Kristiansund?

Campus Kristiansund blir eit framtidsretta og moderne kunnskapsmiljø for forsking, innovasjon, høgare utdanning og kunnskapsdeling. I 2024 blir høgskole, fagskole, forskings- og innovasjonsmiljø samla i ein unik samhandlingsarena, ei kunnskapsklynge der offentlege kompetansearbeidsplassar skal virke saman med bedrifter i regionen. Du kan lese meir på nettsida til Campus Kristiansund, mrfylke.no/campus