Campus Kristiansund (CKSU) er eit prosjekt for å etablere ein campus for høgare utdanning, forskning og innovasjon i Kristiansund sentrum.
CKSU vil innehalde høgskoletilbod, fagskole, kompetanseklinikk for den offentlige tannhelsetenesta, vekstmiljø for næringslivet og forskingsmiljø.
CKSU skal stå ferdig i 2024. Men innhaldet er allereie under oppbygging, både kva gjeld utdanning, forsking og innovasjon. Og frå hausten 2020 etablerer fylkeskommunen eit administrativt fagmiljø i Kristiansund, som del av campusutviklinga
Campus Kristiansund er eit samarbeid mellom Høgskolen i Molde, Kristiansund og Nordmøre Næringsforum, Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Desse aktørane eig Høgskolesenteret i Kristiansund, som vil bli erstatta av CKSU.
Fylkeskommunen har prosjektansvaret, og Roland Mauseth er prosjektleiar.
Prosjektet er organisert med ei styringsgruppe og ei prosjektgruppe:
Du kan lære meir om Campus Kristiansund ved å høyre på Campuspodden. Den finn du der du vanlegvis høyrer podkast.
Her finn du podkasten på spotify
Her finn du podkasten på Soundcloud
Her finn du podkasten på iTunes