Om berekraftfylket

Kva er Berekraftsfylket Møre og Romsdal?

Berekraftsfylket Møre og Romsdal er eit initiativ frå Møre og Romsdal fylkeskommunen om ei felles regional satsing på berekraft. Målet er at satsinga skal bidra til eit koordinert og metodisk krafttak for å nå FNs berekraftsmål innan 2030. På regjeringen.no kan du lese meir om FNs berekraftsmål.

Vi legg Stavangererklæringa, utarbeidd av norske kommunar og fylkeskommunar under Nordic Edge konferansen i 2019, til grunn for arbeidet med berekraftsfylket. Stavangererklæringa byggjer på fire hovudprinsipp:

1. Gje alle kunnskap om status (på berekraft) i sitt lokalsamfunn

2. Utvikle planar for samfunnsutvikling som viser korleis vi skal nå berekraftsmåla

3. Mobilisere og støtte innbyggarar, næringsliv, organisasjonar og akademia som bidrar til berekraftig utvikling

4. Måle og evaluere effekten av innsatsen

Samarbeid og nettverksarbeid står sentralt for satsinga og derfor involverer berekraftsfylket ei rekke aktørar i fylket. Vi inviterer alle som ønskjer å bidra til berekraftig samfunnsutvikling i Møre og Romsdal til å være med på satsinga.

Kvifor vart «Berekraftsfylket Møre og Romsdal» initiert?

Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker å ta ei tydeleg rolle i å utvikle eit berekraftig samfunn for framtida. Ambisjonen er å gjere Møre og Romsdal til berekraftsfylke nummer 1 i Noreg.

I dei nasjonale forventningane til kommunal og fylkeskommunal planlegging er signala klare:

· Berekraftsmåla skal vere det politiske hovudsporet for å ta tak i vår tids største utfordringar.

· Fylkeskommunar og kommunar er nøkkelaktørar for å realisere FNs berekraftsmål i Noreg.

· Berekraftsmåla må bli ein del av samfunns- og arealplanlegginga, og dermed fylkeskommunane og kommunane si verksemd.

· Det er viktig at fylkeskommunane og statlege myndigheiter samarbeider om å støtte kommunane i arbeidet med å følge opp berekraftmåla. Et bredt nettverk, som inkluderer bedrifter, andre kommunar og organisasjonar, kan bidra til læring og stimulere til felles innsats.

Berekraftsfylket Møre og Romsdal er fylkeskommunen sitt svar på regjeringa sine utfordringar.

“Strekk i laget, ei kartlegging av kordan FN sine berekraftsmål vert implementert i regional og kommunal planlegging viser at både kommunar og fylke har eit stykke å gå på dette området.

Korleis er satsinga organisert?

Berekraftfylket er eit initiativ og ei satsing i større grad enn eit tydeleg definert prosjekt med klare strukturar og styringslinje. Som initiativtakar har fylkeskommunen likevel ansvar for å koordinere og samordne berekraftsfylket Møre og Romsdal.

Satsinga omfattar alle kommunane i Møre og Romsdal. Korleis kommuneprogrammet er organisert og kva det inneber kan du lese meir detaljert om her. Dei tre bykommunane Ålesund, Molde og Kristiansund har saman med fylkeskommunen ei særskilt rolle i arbeidet med fagleg utvikling og samordning.

Statsforvaltaren (tidlegare fylkesmannen) har bidratt med skjønnsmidlar for å støtte satsinga og har vore ein viktig støttespelar for å realisere berekraftsfylket. Skjønsmidlane frå statsforvaltaren er med å finansiera fleire stillingar i dei tre bykommunane Ålesund, Molde og Kristiansund, samt United Future Lab Norway i Ålesund (tidlegare Ålesund Framtidslab).

Samarbeid med privat næringsliv, foreiningar, frivillig sektor, kulturlivet, samt forskingsmiljøa i fylket står også sentral i berekraftsfylket. Organiseringa mot disse aktørane er fleksibel og framleis under utvikling. 

Fylkeskommunen deltek også i det nasjonale berekraftsnettverket saman med andre norske kommunar, fylkeskommunar og KS. Meir informasjon om rolla vår og deltaking i nettverket finn du her. Satsinga høyrer også til under «Møre og Romsdal 2025» – eit program for samordning av offentleg sektor i Møre og Romsdal.

Kontakt