Nasjonalt samarbeid

Logoen til bærekraftsnettverket

Møre og Romsdal fylkeskommune er del av Berekraftsnettverket – eit nasjonalt nettverket for norske kommunar og fylkeskommunar som jobbar for å nå FNs berekraftsmål. KS – kommunesektorens organisasjon – har òg ein sentral plass i nettverket. Nettverket vart danna under Nordic Edge i 2019 og har Stavangererklæringa som verdigrunnlag. Målet med nettverket er å samarbeide og lære på tvers av kommunar og fylkeskommunar slik at arbeidet med berekraftsmåla i Noreg skyt fart.

Nettverket legger «rammeverk for berekraftig omstilling» til grunn for sitt arbeid.

Modellen under viser ei oversikt over  hovudelementa i rammeverket:
Figur som viser rammeverk for berektraftig omstilling

Ei generell innføring i rammeverket finn ein blant i denne videoen:  https://youtu.be/fTJtclMEU5g?t=158

Rammeverket er henta frå EU-prosjektet «Framework for Bold City Vision, Guidelines, and Incentive Schemes». Her finn ein rapporten til prosjektet.

Møre og Romsdal er representert både i sekretariatet og styringsgruppa i Berekraftsnettverket. Sekretariatet har møte kvar veke, mens styringsgruppa har møte kvar 2. til 3. månad. Styringsgruppemøtane er opne for alle å sjå. I tillegg arrangerer nettverket «berekraftsfredag» ein gong kvar månad. Dette er opne møter for alle som er interessert i å høyre kva nettverket jobbar med.

Meir omfattande info om Berekraftsnettverket finn ein også på KS sine nettside.

Snarvegar

Kontakt