Kommuneprogram

Å legge til rette for godt samarbeid mellom kommunane i fylket, og mellom kommunane og andre aktørar er eit hovudmål i Berekraftfylket Møre og Romsdal. Eit grunnprinsipp for arbeidet i Berekraftfylket er kunnskapsbasert arbeid med berekraft. Derfor blei det gjort ei felles kartlegging av status på berekraft i kvar kommune da prosjektet starta. Kartlegginga blei gjort ved bruk av eit indikatorsett utvikla av FN-organisasjonen United 4 Smart Sustainable Cities (U4SSC). Kommunekartleggingane blei publisert i i mai 2021. I tillegg laga fylkeskommunen ein regional rapport med samla resultat og analyse Du kan lese meir om metoden lenger ned på sida.

Berekraftfylket Møre og Romsdal er no i ei ny fase der bruk av berekraftskartlegginga står sentralt. I 2023 er det to satsingar som har prioritet:

Ei av to hovudprioriteringar i Berekraftfylket i 2023 er arbeid med berekraft i plan- og styringsprosessar. Det vil bli arrangert ei rekke webinarar og workshops i løpet av året.

Innholdet vil vere sentrert rundt tre hovudpilarar:

  • Styringsprosessar, indikatorar og datafangst
  • Heilskapleg berekraftsarbeid i plan, herunder relasjonen mellom berekraftsmål (målkonfliktar og synergiar)
  • Kommunikasjon, dialog og kompetansebygging om berekraft

Planlagte aktivitetar:

FebruarWorkshop (16.2): KS/SSB sin taksonomi for sortering og klassifisering av indikatorar etter FNs berekraftsmål. Meir info her.
Mars

Webinar (21.03): rammeverk og verktøy for å forstå forholdet mellom berekraftsmåla

April

Webinar (tentativt 13.4): Den raude berekraftstråden i mål- og resultatstyringa – bruke indikatorar i praksis

Webinar: Tidlegfase berekraftstenking i planarbeid/kunnskapsgrunnlag

Mai

Webinar: berekraft i det politiske landskapet

Juni

Workshop: dilemmatrening – målkonfliktar, synergiar og tverrfagleg berekraftstenking

Gjennomførte aktivitetar

Infomøte og oppvarming 19.januar 2023. Opptak og presentasjoner tilgjengeleg her. 

Målsettinga er at denne aktiviteten vil bidra til:

  • Å bygge eit lærande fellesskap og legge til rette for tett samarbeid mellom kommunane i fylket
  • Å legge til rette for praktisk bruk av KPIane frå berekraftskartlegginga og vidareutvikle metoden der den har svakheiter
  • Å løfte berekraftskompetansen blant tilsette, folkevalde og innbyggarar
  • Betre kommunikasjon og dialog om berekraftseffektar, målkonfliktar og synergiar

For å bli med i Berekraftfylket Møre og Romsdal forplikta kommunane seg til å ta del i FN-programmet U4SSC. Ein sentral del av dette programmet er å gjennomføre ei kartlegging – ei såkalla KPI-analyse – med 107 indikatorar som måler status på berekraft i den enkelte kommune. Kartlegginga byggjer på FN sine berekraftsmål og dei tre hovuddimensjonane sosial berekraft, økonomisk berekraft og miljømessig berekraft. Vidare er desse tre dimensjonane delt inn i 7 sub-dimensjonar og 23 kategoriar. Kartlegginga har hovudvekt på berekraftsmål 11 - berekraftige byar og lokalsamfunn. Resultata blir målt mot ein internasjonal standard. Grøn indikerer god måloppnåing, rød indikerer dårleg måloppnåing. Ein grundig gjennomgang av metodeheftet finn ein i dette dokumentet.

Kommunane samla sjølv inn data til kartlegginga før dei blei verifisert av BDO og dernest FN. Resultatet av kartlegginga blei publisert i ein rapport som viser status på berekraft i den enkelte kommune. Alle kommunerapportane er tilgjengeleg på ITU/FN sine nettside. 

Fylkeskommunen laga også ein eigen rapport med samla berekraftsprofil for Møre og Romsdal. I rapporten går ein gjennom samla resultat for regionen, metode og protokoll for den regionale kartleggingsmodellen, anbefalte regionale satsingar, ei evaluering av indikatorsettet og kva potensiale kartlegginga gir for næringsutvikling. Her finn ein rapporten i pdf-format.

Rapporten blei lansert på eit webinar 28. mai 2021. Opptak av webinaret ligg tilgjengeleg på youtube.

Resultat av berekraftskartlegging av kommunane i Møre og Romsdal presentert i eit hjul med fargekodar.

 

Snarvegar

Dokumenter

Kontakt

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.