Dei 17 berekraftsmåla

FNs 17 berekraftsmål er verdas felles mål for ei berekraftig utvikling. Noreg har stilt seg bak måla og har forplikta seg til å jobbe for å nå dei innan 2030.  

FN-måla gjeld for alle land og famnar om mange globale utfordringar. Skal ein nå måla må ein derimot også knytte dei til det lokale, til fylket vårt og kommunane våre – det er ofte der utvikling og konkret omstilling skjer. For å nå berekraftsmåla må vi altså ta tak på heimebane.  

Fylkeskommunen har integrert berekraftsmåla i både fylkesplanen og regional planstrategi.  

På denne sida kan du lese litt om kvart enkelt berekraftsmål og korleis det er relevant for utviklingsarbeidet i Møre og Romsdal. Det er lagt spesielt vekt på kva vi må jobbe med lokalt og regionalt for å nå berekraftsmåla her vi bor. Vi har også lista opp nokre konkrete eksempel på prosjekt og satsingar som fylkeskommunen er involvert i.   

Målsettinga i berekraftsmål 1 er å utrydde alle formar for fattigdom i heile verda. I Noreg er det få menneske som lever i fattigdom viss ein samanliknar med heile verda. Men målar ein fattigdom relativt – altså i forhold til vanleg levestandard i Noreg – ser ein at vi har ein veg å gå for å nå dette målet også her.  

I Møre og Romsdal har auken i inntekt vore under landsgjennomsnittet, og fleire barn veks opp i fattigdom no enn før. Det gjer at dei møter utfordringar med å delta aktivt i samfunnet.  

Skal ein nå dette målet må ein jobbe både med å hjelpe folk ut av fattigdom, men også med å utvikle eit velferdstilbod som kan bidra til å auke livskvaliteten til dei som lever i fattigdom.  

Fylkeskommunen samarbeider mellom anna om desse punkta for å nå berekraftsmål 1: 

  • Å inkludere alle, uavhengig av økonomiske ressursar, i bustadmarknaden  
  • Å gi gode kultur- og fritidstilbod til alle  
  • Ei god og tilgjengeleg tannhelseteneste 
  • Tilbod om kollektivtransport  

Her finn du meir info om konkrete tiltak, støtteordningar og samarbeid:

Visste du at du kan søke om kulturrabatt forungdom? Sjekk ut ordninga her.  

Fylkeskommunen har fleire tilskot og støtteordningar som kan brukast for å utvikle kultur- og fritidstilbod

Bustad for velferd er ei av prioriteringane til levekårsnettverket i Møre og Romsdal.  

Målsettingane i berekraftsmål 2 er å utrydde svolt, oppnå mattryggleik og betre ernæring, og fremme berekraftig landbruk. Det er altså eit mykje meir omfattande mål enn det kan sjå ut som ved første augekast. 

I Noreg og Møre og Romsdal er ikkje svolt ei stor utfordring, men berekraftsmål to har likevel stor relevans for oss. Som ein stor eksportør av sjømat kan vi spele ei viktig rolle for mattilgang internasjonalt. I tillegg har vi ein jobb å gjere på heimebane knytt til feilernæring, som er ei minst like stor utfordring som svolt for folkehelsa.  

For å sikre at alle har tilgang til næringsrik mat er det viktig å ha eit berekraftig landbruk og mattryggleik. Område med god matjord står under press for utbygging. Talet på lokalprodusentar er også lavt.  

Skal ein nå berekraftsmål 2 må ein altså sikre berekraftig matproduksjon, både i landbruket og til sjøs. I tillegg må ein må sikre at innbyggarar får informasjon om og tilgang til eit næringsrikt og sunt kosthald.  

Fylkeskommunen samarbeider mellom anna om desse punkta for å nå berekraftsmål 2: 

  • Meir lokal og variert matproduksjon  
  • Bevare og verne matjorda i fylket  
  • Styrke kunnskapen om ernæring i skular og barnehagar 

Her finn du meir info om konkrete tiltak, støtteordningar og samarbeid:  

Les meir om korleis vi brukar det nasjonale kosthaldsprogrammet «fiskesprell» for å styrke kunnskapen om ernæring i skolane 

Her finn du info om folkehelseundersøkinga for Møre og Romsdal, der mellom anna ernæring var eit område som blei undersøkt.  

Visste du at fylkeskommunen har ei stor taresatsing? Det kan vere ei viktig matkjelde i framtida. Les meir her. 

Sjekk ut støtteordninga «Garden som ressurs» som har som mål å styrke lokal matproduksjon i fylket  

Målsettingane i berekraftsmål 3 er å sikre god helse og fremme livskvalitet for alle, uansett alder. Det er mange faktorar som påverkar helsa og livskvaliteten vår. Det er ikkje berre eit resultat av individuelle forhold og levevaner. Levekår og andre forhold som inntekt, arbeid, oppvekst, utdanning og bo- og nærmiljø speler også ei sentral rolle.   

Samanlikna med mange andre land i verda har vi ei veldig god og tilgjengeleg helseteneste i Noreg. Likevel har vi forbetringspotensiale mellom anna innanfor psykisk helse og arbeid med utanforskap.  

Fylkeskommunen samarbeider mellom anna om desse punkta for å nå berekraftsmål 3: 

  • Bidra til å planlegge og realisere inkluderande byrom i byar og tettstader  
  • Fremme lokalt rusførebyggande arbeid  
  • Styrke barn og unge si psykiske helse gjennom program for folkehelse i kommunen  
  • Styrke trafikktryggleiken   
  • Legge til rette for fysisk aktivitet, for eksempel ved å utbetre gang og sykkelvegar  
  • Bruke kultur som eit verktøy for å hindre utanforskap  
  • Ivareta og utvikle nærmiljøa til friluftsliv 

Her finn du meir info om konkrete tiltak, støtteordningar og samarbeid:  

Les om folkehelseprogrammet her.

Les om folkehelseundersøkinga her.

Les meir om plan for rusarbeid i VGS her.

Les om prosjektet «nullvisjon for utanforskap» her. 

Her kan du søke om midlar til trafikktryggingstiltak.

Her kan du nominere kandidatar til trafikktryggingsprisen.

 

Målsettingane i berekraftsmål 4 er å sikre inkluderande, rettferdig, og god utdanning og fremme moglegheiter for livslang læring for alle. Ei god utdanning og livslang læring er særs viktig både for den enkelte og for samfunnet som heilheit. Utdanning og kompetanseutvikling motverkar utanforskap og gir tilgang til arbeidsmarknaden. 

Samanlikna med mange andre land har vi i Noreg relativt høgt utdanningsnivå, men vi har også ein del utfordringar. Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider mellom anna for å betre gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Ungdommane skal få tilbod om relevante og framtidsretta opplæringstilbod i tråd med behova i arbeidslivet. 

Vi vil legge til rette for betre kompetanse, karriereutvikling og læring på ulike arenaer gjennom heile livet. 

Fylkeskommunen samarbeider mellom anna om desse punkta for å nå berekraftsmål 4:​​​ ​​​​​

  • Sikre eit godt tilpassa utdanningstilbod for den enkelte 
  • Sørge for gode overgangar mellom ungdomsskole og vidaregåande skole for å bidra til at fleire gjennomfører utdanningsløpet
  • Sikre ei god fagskuleutdanning i tråd med behova i næringslivet
  • Betre elevdemokratiet og medverknaden i skulane 
  • Utarbeide plan for å kvalifisere innvandrarar slik at dei får ei sterkare tilknyting til arbeidslivet
  • Bidra til livslang læring gjennom tilbod om kompetanseheving for næringslivet ​​​.​

Her finn du meir info om konkrete tiltak, støtteordningar og samarbeid: 

Visste du at vi tilbyr gratis karriererettleiing til alle vaksne i fylket? Sjekk ut Karriere Møre og Romsdal.  

Visste du at vi jobbar med ei styrking av Ungt Entreprenørskap i samarbeid med Statsforvaltaren? Her kan du lese meir om det. 

Vi har ei støtteordning for bedriftsintern opplæring – les meir her. 

Vi har også ansvaret for å tilby skoleskyss til dei som har krav på det, både til grunnskole og vidaregåande skole. Her kan du lese meir, og søke om skoleskyss.

 Målsettingane i berekraftsmål 5 er å oppnå likestilling og styrke jenter og kvinner si stilling i samfunnet. Likestilling handlar om ei rettferdig fordeling av makt, innverknad og ressursar. At alle kan leve eit fritt liv utan vald, diskriminering og økonomisk avhengigheit. 

Verda har tatt viktige steg framover i likestillingsarbeidet, men vi er ikkje i mål, heller ikkje i Noreg. Kvinner blir i større grad enn menn utsette for vald i nære relasjonar, for seksuell trakassering, valdtekt, sterk sosial kontroll, kjønnslemlesting og tvangsekteskap. 

I Møre og Romsdal ser vi også tydelege kjønnsforskjellar i val av utdanningsprogram. Flest jenter vel studieførebuande utdanningsprogram, mens gutane vel yrkesfaglege studieretningar. Det er også tydelege kjønnsskilje i jobbval, arbeidstid og løn. 

Fylkeskommunen samarbeider mellom anna om desse punkta for å nå berekraftsmål 5:

  • Sikre god informasjon om utdanningsvegar og om utradisjonelle yrkesval   
  • Bidra til kompetanseheving om negativ sosial kontroll og æresrelatert vald
  • Tilby arbeidstrening, lærlingplassar og trainee-opphald i fylkeskommunen

Her finn du meir info om konkrete tiltak, støtteordningar og samarbeid: 

​​​​​Har du hørt om prosjektet «jenteløftet» med jenter i fotballen? På denne lenka kan du lese meir om det. 

Har du hørt om prosjektet «Jenter i elektrofag» som blei avslutta i 2020? Her kan du lese sluttrapporten frå prosjektet. 

Målsettingane i berekraftsmål 6 er å sikre berekraftig vassforvaltning og tilgang til vatn og gode sanitærforhold for alle. Reint vatn og gode sanitærforhold er livsviktig både for vår eiga helse og naturen si helse. Det er viktig for at vi skal unngå å bli sjuke og for at naturen sine økosystem skal haldast i balanse.  

I Noreg er dei aller fleste husstandar tilknytt vassforsyningssystem og får tilgang til reint vatn gjennom dei. Men mykje av infrastrukturen, for eksempel røyrsystema, ganske gammal. For å sikre tilgang til reint vatn også i framtida er det stort behov for oppgradering av eksisterande system og utvikling av nye løysingar gjennom forsking og innovasjon på området. 

 Ei berekraftig vassforvaltning er viktig for å sikre framtidig tilgang til vatn og for å sikre dyre- og plantelivet som er avhengig av reint vatn. For eksempel er det er viktig for sjøaure, torsk og elvemusling som veks opp, et og formeirar seg i elvane og fjordane våre.  

Fylkeskommunen samarbeider mellom anna om disse punkta for å nå berekraftsmål 6: 

  • Oppnå og oppretthalde god miljøtilstand i ferskvatn og kystvatn  
  • Tilpasse infrastruktur, som for eksempel avløpssystem, til å tole klimaendringar i framtida 
  • Tilby toalettfasilitetar langs fylkesvegnettet

Her finn du meir info om konkrete tiltak, støtteordningar og samarbeid:  

Les meir om vassforvaltningsarbeidet i Møre og Romsdal her. 

Målsettinga i berekraftsmål 7 er å sikre tilgang til påliteleg, berekraftig og moderne energi til ein overkomeleg pris. Målet er altså at alle skal ha stabil tilgang til energi, at han ikkje skal koste for mykje pengar og at han skal vere produsert på ein berekraftig måte. Det er heilt avgjerande å basere framtidig energibehov på fornybare energikjelder.  

I Noreg har nesten alle god og stabil tilgang til energi. Mykje av elektrisiteten vi brukar er fornybar og produsert av vind- og vasskraft.  

Sjølv om straumforsyninga i Møre og Romsdal er jamt over god, er belastninga på straumnettet veldig høg på nokre tidspunkt. Det er derfor viktig å sikre at straumnettet er tilpassa framtidig produksjon og bruk av straum, og er rusta til å handtere auka belastning.  

Fylkeskommunen samarbeider mellom anna om desse punkta for å nå berekraftsmål 7: 

  • Stimulere til etablering av meir fornybar energiproduksjon   
  • Bidra til å etablere produksjon og bruk av utsleppsfri hydrogen i fylket  
  • Sikre tilstrekkeleg straumforsyning til innbyggarar og næringsliv 

Her finn du meir info om konkrete tiltak, støtteordningar og samarbeid:  

Les meir om korleis MRFK jobbar med energi i fylket.

Les meir om prosjektet G-PaTRA, der MRFK ser på korleis ein kan utvikle berekraftige transportløysingar i distriktet ved bruk av hydrogen.

Målsettingane i berekraftsmål 8 er å fremme varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, full sysselsetting og anstendig arbeid for alle. Å bygge opp eit anstendig og inkluderande arbeidsliv er viktig for å nå berekraftsmåla. At folk har ein jobb å gå til og ei løn å leve av ein føresetnad for å nå mange av dei andre berekraftsmåla.  

I Noreg har vi relativt låg arbeidsløyse, men berekraftsmål 8 er likevel særs relevant for oss. Det er framleis fleire som står utanfor arbeidslivet. Vi må jobbe for å inkludere unge, minoritetar og menneske med nedsett funksjonsevne i arbeidslivet.  

Fylkeskommunen samarbeider mellom anna om desse punkta for å nå berekraftsmål 8: 

  • Forbetre rammevilkåra for eksportindustrien  
  • Bidra til omstilling og større breidde i arbeidsmarknaden  
  • Gründerhjelp for å etablere nye bedrifter  
  • Stille krav til løns- og arbeidsvilkår i kontrakter, for eksempel i samferdselssektoren  

Her finn du meir info om konkrete tiltak, støtteordningar og samarbeid: 

Les meir om gründertenesta hoppid.no som fylkeskommunen samarbeider om med kommunane i fylket.   

Vi har ei støtteordning for bedriftsintern opplæring - les meir her.

Les meir om arbeidet vårt med å sikre statlege arbeidsplassar i Møre og Romsdal.

Målsettingane i berekraftsmål 9 er å bygge solid infrastruktur og fremme inkluderande og berekraftig industrialisering og innovasjon. Med infrastruktur meiner ein blant anna infrastruktur for transport, energi, vatn, informasjonsteknologi og forsking. Det er viktig at slik infrastruktur er tilpassa framtidas behov og at ein ser etter nye og innovative måtar å bygge han på.  

Fylkeskommunen kan bidra til at ny, berekraftig industri, teknologi og infrastruktur blir utvikla både gjennom rolla som samfunnsutviklar og som innkjøpar. Vi har ei viktig rolle i å styrke innovasjons- og forskingsmiljø i fylket slik at nye innovative løysingar som bidrar til berekraftig omstilling blir utvikla.  

Fylkeskommunen samarbeider mellom anna om desse punkta for å nå berekraftsmål 9: 

  • Gjere innovative innkjøp for å utvikle næringslivet og innovasjonsmiljøa i fylket  
  • Arbeide med rammevilkåra for grøn skipsfart for å sikre vidare utvikling av industrien 
  • Legge til rette for eksport av industrivarer på fylkesvegane  
  • Sikre tilbod om breiband med god kapasitet til næringsliv og innbyggarar  

Her finn du meir info om konkrete tiltak, støtteordningar og samarbeid: 

Visste du at fylkeskommunen har ei stor taresatsing? Her kan du lese meir om det. 

Vi har fleire prosjekt for å styrke infrastrukturen for transport i fylket. Her finn du mellom anna meir info om: 

Fylkeskommunen har fleire støtteordningar til forskings- utviklings- og innovasjonsprosjekt. Les meir og søk her.

Vi har ansvar for kollektivtransporten i fylket gjennom FRAM. Finn di reise her.

Visste du at fylkeskommunen er partnar i Leverandørutviklingsprogrammet – eit nasjonalt program for innovative anskaffingar? Les meir om programmet her.

Målsettinga med berekraftsmål 10 er å redusere ulikskap i og mellom land. Alle menneske uansett bakgrunn og forutsetninga skal ha moglegheita til å delta aktivt i samfunnet og ha gode levevilkår.   

Berekraftsmål 10 har stort fokus på økonomisk ulikskap, fordi skilnaden mellom dei rike og dei fattige både internasjonalt og i Noreg aukar. Likevel rommar målet mykje meir enn økonomisk ulikskap. Mellom anna set delmål 10.2 fokus på at ein må fremme sosial, økonomisk og politisk inkludering av alle, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, rase, etnisitet, nasjonalt opphav, religion eller økonomisk eller anna status.  

For å nå dette målet er deltaking i arbeidslivet, å hindre utanforskap og betre integrering særs viktig.  

Fylkeskommunen samarbeider mellom anna om desse punkta for å nå berekraftsmål 10: 

  • Sikre god integrering gjennom gode utdannings- og kompetansetilbod  
  • Utarbeide regional plan for kvalifisering av innvandrarar for å sikre deltaking og varig tilknyting til arbeidslivet 
  • Legge til rette for at alle skal kunne påverke det offentlege tenestetilbodet  
  • Bygge arenaer og møteplassar for å hindre utanforskap  

 Her finn du meir info om konkrete tiltak, støtteordningar og samarbeid: 

Visste du at vi tilbyr gratis karriererettleiing til alle vaksne i fylket? Sjekk ut Karriere Møre og Romsdal. 

Har du høyrt om satsinga «nullvisjon for utanforskap» som er ei av satsingane i programmet Møre og Romsdal 2025? Les meir her.

Visste du at fylkeskommunen deler ut inkluderings- og mangfaldprisen? 

Vil du vite meir om korleis ein jobbar med kvalifiseringsarbeidet retta mot innvandrar og flyktningar og kva tilskot som finst? Les meir på IMDI si nettside

Målsettingane for berekraftsmål 11 er å gjere byar og lokalsamfunn inkluderande, trygge, robuste og berekraftige. Ein må skapa levande sentrum som er attraktive og tilgjengelege for folk. Vidare må ein planlegge og bygge på ein måte som handterer klimaendringar, ekstremver og andre kriser.  

I Møre og Romsdal har folketalsveksten flata ut, og det blir færre barn og unge. For å nå mål 11 må ein derfor jobbe for å gjere byar og tettstadar meir attraktive å busette seg i. Då er ein attraktiv arbeidsmarknad sentral.  

I tillegg må ein legge til rette for at dei som bur i byar og tettstader har tilgang til eit godt tenestetilbod og at ein har gode byrom som er inkluderande og opne for alle.   

Fylkeskommunen samarbeider mellom anna om desse punkta for å nå berekraftsmål 11. 

  • Sikre tilgjengelege og inkluderande offentlege rom 
  • Ta vare på byane og tettstadane sine arkitektoniske preg  
  • Bidra til smartare og meir miljøvennlege transportløysingar, slik som kollektivtransport, gang- og sykkelvegar 

Her finn du meir info om konkrete tiltak, støtteordningar og samarbeid: 

Fylkeskommunen leier byutviklingsprosjektet «Byen som regional motor». Les meir om prosjektet her.

Visste du at fylkeskommunen har eit eiget tettstadprogram? Les meir om programmet her.

Vi samarbeider om få på plass bypakkar i byane i Møre og Romsdal. Les meir her.

Målsettinga i berekraftsmål 12 er å sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster. Heilt konkret betyr det at ein må redusere forbruket der ein kan, bruke dei ressursane ein har meir effektivt, bruke om att der det er mogleg og sikre at ein handterer avfall på ei god måte.  

Offentleg sektor, som fylkeskommunen er ein del av, har stor påverknad på kva krav som blir sett og innovasjonsgraden i innkjøpsprosessar. Det er behov for auka kompetanse om berekraftige anskaffingar og innkjøp slik at ein utnyttar krafta til å påverke som offentleg sektor har.  

Nokre område som blir trekt fram i delmål for berekraftsmål 12 er også spesielt relevante i Møre og Romsdal. Det gjeld mellom anna å sikre ein meir berekraftig matproduksjon for eksempel ved å produsere og handle lokalt og å redusere matsvinn. Eit anna område er berekraftig reiseliv, for eksempel ved å fremme lokal kultur og produkt.  

Fylkeskommunen samarbeider mellom anna om desse punkta for å nå berekraftsmål 12: 

  • Stille strenge krav til etikk og miljø i alle offentlege innkjøp og anbod  
  • Styrke den sirkulære økonomien gjennom høg grad av gjenbruk og god avfallshandtering  
  • Auke utnyttingsgraden frå eksisterande vasskraftutbyggingar  

Her finn du meir info om konkrete tiltak, støtteordningar og samarbeid: 

Sjekk ut støtteordninga «Garden som ressurs» - der ein kan søke støtte til å utvikle nettverk og samarbeid mellom aktørar innan lokal mat, landbruksbasert reiseliv og kultur.  

Her kan du lese meir om korleis fylkeskommunen jobbar med reiseliv.

Målsettinga i berekraftsmål 13 er å handle omgåande for å motarbeide klimaendringane og konsekvensane av dei. Ein må altså både jobbe for å redusere utslepp av klimagassar og bygge robuste samfunn som handterer konsekvensane av dei klimaendringane som kjem. 

I Møre og Romsdal er industrien og transportsektoren dei høgaste kjeldene til klimagassutslepp. I tillegg til direkte utslepp har berekraftig arealforvaltning stor påverknad på samla klimagassutslepp. God arealforvaltning som gir auka naturleg karbonlagring, for eksempel ved å minimere behovet for å bygge ned myr, skog og å sikre eit sunt jordsmonn, kan bidra til å «fange» klimagassar som elles ville gått ut i atmosfæren.  

Sjølv om vi reduserer klimagassutsleppa er nokre klimaendringar uunngåelege. Det kjem til å bli våtare og villare klima med auka fare for jord-, flom- og sørpeskred, ras, ekstremver og stormflod i Møre og Romsdal.  

Fylkeskommunen samarbeider mellom anna om desse punkta for å nå berekraftsmål 13: 

  • Kutte utslepp frå transport gjennom elektrifisering og anna lågutsleppsteknologi  
  • Utarbeide klimabudsjett og -rekneskap 
  • Produsere meir fornybar og arealeffektiv energi  
  • Styrke kunnskap og beredskap omkring klimatiske truslar mot kulturminne og kulturmiljø 

Her finn du meir info om konkrete tiltak, støtteordningar og samarbeid: 

Visste du at vi kuttar CO2-utsleppa med 38.000 tonn årleg ved innføring av miljøferjer? Her kan du lese meir om arbeid med nye ferjekaier på Nordmøre, for å tilpasse kaiene til nye miljøferjer.

Les meir om prosjektet G-PaTRA, der MRFK ser på korleis ein kan utvikle berekraftige transportløysingar i distriktet ved bruk av hydrogen.

Målsettinga i berekraftsmål 14 er å ta vare på og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremmar berekraftig utvikling. Ein må redusere forureining frå landbasert og sjøbasert industri, landbruk og plast. Vidare må ein hindre overfiske og sikre at produksjon og fangst av sjømat ikkje påverkar økosystema negativt.     

Livet i havet er heil sentralt for Møre og Romsdal. Det er viktig for mange næringar og sjølve kystkulturen i regionen. Vi tar vare på det vi er glad i, men det er vanskeleg å bli glad i noko ein ikkje veit eksisterer. Derfor er det viktig at vi kartlegg kva som bur og finst under havoverflata. Når vi veit kor det er korallar, kor torsken veks opp og kor mykje sjøaure som brukar sommaren til å feite seg opp i fjordane er det lettare å forvalte kystområda våre på ei berekraftig og heilskapleg måte.  

Fylkeskommunen samarbeider mellom anna om desse punkta for å nå berekraftsmål 14: 

  • Betre kunnskapen om og meir heilskapleg planlegge bruken av marine område 
  • Jobbe mot forsøpling i havet 
  • Avgrense tap av næringsstoff i jordsmonn som kan skade havområde  

Her finn du meir info om konkrete tiltak, støtteordningar og samarbeid: 

Visste du at prosjektet «Marine grunnkart i kystsonen» blei lansert i 2020? Les meir om prosjektet og fylkeskommunen si rolle i det her.

Visste du at Atlanterhavsparken er det første regionale Vitensenteret med marin profil? Fylkeskommunen har mellom anna gitt støtte til å etablere «Møre Havlab». Les meir om det her.

Visste du at fylkeskommunen har ei stor taresatsing? Les meir her.

Her kan du lese meir om korleis fylkeskommunen jobbar med fiskeri og havbruk.

Målsettingane i berekraftsmål 15 er å verne, tilbakeføre og fremme berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig skogforvalting, kjempe mot ørkenspreiing, stanse og reversere landforringing samt stanse tap av artsmangfald. Livet på land inkluderer også elvar og innsjøar.   

Nedbygging, fragmentering av areal, forureining og overhausting er dei største trugslane mot naturen. Korleis vi forvaltar areala og ressursane våre er derfor særs viktig for å nå berekraftsmål 15.  

Også i Møre og Romsdal er naturen under press. Stadig fleire naturtypar står i fare for å forsvinne, både plante og dyr. Spesielt insekt er sterkt trua. Fleire av økosystema har ikkje god nok økologisk tilstand mellom anna på grunn av forureining og nedbygging.  

Fylkeskommunen samarbeider mellom anna om disse punkta for å nå berekraftsmål 15: 

  • Ei arealforvaltning som avgrensar behovet for inngrep i landskapet 
  • Bevare viktig landskap, naturområde og kulturminne  
  • Sikre god tilstand og bevaring i økosystema på land  

Her finn du meir info om konkrete tiltak, støtteordningar og samarbeid: 

Har du høyrt om prosjektet «Alle bekker små»? Det er eit prosjekt for å betre tilhøva for sjøaure, mellom anna i dei landbaserte vassdraga dei lev i dei første åra av livet. Les meir om prosjektet her.   

Har du høyrt om forskingsprosjekt TwinFjord der ein bruker digital tvilling-teknologi mellom anna for å sjå på konsekvensane arealutvikling har på naturmangfald og dyreliv? Fylkeskommunen er med som partnar. Les meir om prosjektet her

Visste du at fylkeskommunen har støtta etableringa av eit berekraftsenter for arealforvaltning og naturmangfald på Tingvoll? Info om senteret finn du på facebooksida deira. 

Visste du at ein kan søke om tilskot til vassmiljøtiltak? Les meir om ordninga her. 

Visste du at ein kan søke om tilskot til viltforvaltning? Les meir om ordninga her

Målsettingane i berekraftsmål 16 er å fremme fredelege og inkluderande samfunn for å sikre berekraftig utvikling, sørge for tilgang til rettsvern for alle og bygge velfungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå. Det er viktig at alle, uansett bakgrunn og forutsetningar kan delta aktivt i samfunnslivet og at institusjonane våre er tilgjengelege for, og behandlar folk rettferdig.  

I Noreg er det heilt sentralt at demokratiet fungerer godt for å nå berekraftsmål 16. Då er vi avhengige av høg valdeltaking og at dei folkevalde både i kommunestyra og på fylkestinget speglar mangfaldet i befolkninga.  

Det er også viktig å inkludere rådgjevande organ i utviklingsarbeid. I Møre og Romsdal har vi mellom anna eldreråd, råd for personar med nedsett funksjonsevne og ungdomspanel.  Fylkeskommunen skal inkludere desse i relevant plan- og utviklingsarbeid.   

Fylkeskommunen samarbeider mellom anna om desse punkta for å nå berekraftsmål 16: 

  • Gjere det mogleg for alle innbyggarar å vere med i utforminga av lokalsamfunna sine 
  • Nærmiljø og lokalsamfunn skal vere prega av tillit, tilhøyrsle og tryggleik   
  • Ivareta kultur- og historiske minne for opplæring om fortida  

Her finn du meir info om konkrete tiltak, støtteordningar og samarbeid: 

Her finn du ei oversikt over fleire råd og utval som bidrar inn i politiske prosessar og utviklingsarbeid i fylket. 

Ein kan gje innspel til planar og strategiar som fylkeskommunen arbeider med. Her finn du oversikt over aktuelle høyringar. 

Visste du at fylkeskommunen jobbar med å ivareta og formidlekulturminne og kulturmiljø gjennom verdiskapingsprogrammet "Ein bit av historia"? 

Målsettingane i berekraftsmål 17 er å styrke virkemidlane som trengs for å gjennomføre arbeidet og fornye globale partnarskap for berekraftig utvikling. Dette betyr mellom anna å styrke finansieringa av berekraftig omstillingsprosjekt, styrke samarbeid mellom ulike partar og aktørar, og å dele kunnskap, kompetanse og løysningar slik at omstillingsarbeidet skyt fart. 

For fylkeskommunen er berekraftsmål 17 gjennomgåande viktig i alt arbeidet vi gjer. For å nå berekraftsmåla må vi samarbeide med ulike aktørar både regional, nasjonalt og internasjonalt. Vidare må virkemidlane vi bruker til samfunnsutvikling, til dømes støtteordningar, rådgiving og strategiar bidra til å støtte opp under berekraftig omstilling.  

Fylkeskommunen samarbeider mellom anna om desse punkta for å nå berekraftsmål 17: 

  • Tettare og meir forpliktande samarbeid mellom offentlege, private og ideelle aktørar  
  • Påverke politikk og hente kunnskap og midlar i internasjonale fora  
  • Samordne offentlege aktørar og ressursar for å gi eit betre tilbod til befolkninga  

Her finn du meir info om konkrete tiltak, støtteordningar og samarbeid: 

Visste du at fylkeskommunen har eit eige team som jobbar med internasjonalt samarbeid? Sjekk ut prosjektsida her. Der finn ein mellom anna oversikt over EU-prosjekt vi deltek i og info om internasjonale program, til dømes EU sitt forskings- og innovasjonsprogram Horisont 2020. 

Her kan du lese meir om satsinga «Berekraftfylket Møre og Romsdal» - eit breitt regionalt initiativ for arbeid med berekraftsmåla.  

Fylkeskommunen har tatt initiativ til betre samordning av offentleg sektor. Her kan du lese meir om prosjektet som heiter «Møre og Romsdal 2025»  

Her kan du lese meir om korleis vi jobbar i det nasjonale berekraftsnettverket saman med andre kommunar, fylkeskommunar og KS. 

Her kan du lese meir om FN-laben United Future Lab Norway der fylkeskommunen er partnar saman med ei rekke andre aktørar.   

Her kan du sjå korleis berekraftsmåla er integrert i Fylkesplan 2021-2024.

Snarvegar

Kontakt