Berekraftsprofil

Alle kommunane i fylket har gjort ei kartlegging av status på berekraft ved bruk av FN-metodikken til U4SSC (United 4 Smart Sustainable Cities). Fylkeskommunen har samanfatta resultata frå kartleggingane i ein eigen rapport - berekraftsprofilen for Møre og Romsdal.

I rapporten finn ein info om, og ei analyse av resultata for fylket som heilskap. I tillegg er det pekt ut 6 satsingsområde som er spesielt egna for felles, regionalt samarbeid. Desse seks områda er:

  1. Smart og berekraftig VA-sektor
  2. Fattigdom og sosial inkludering
  3. Sirkulærøkonomi
  4. Digitalisering av offentleg sektor
  5. Offentlege bygg - byggsertifisering
  6. Lokalmat og mattryggleik

I tillegg er det pekt på eit behov for å vidareutvikle metodikken som har blitt nytta i kartleggingsarbeidet. 

Heile rapporten finn ein i vedlagt pdf. Meir info om samarbeidet med kommunane, samt ein engelsk versjon av rapporten finn ein på denne sida.

Dokumenter

Kontakt