Personvern

Personvernerklæring Møre og Romsdal fylkeskommune

Denne erklæringa gjer greie for Møre og Romsdal fylkeskommune si generelle behandling av personopplysningar, og for nettstaden www.mrfylke.no og tilhøyrande sider. Møre og Romsdal fylkeskommune behandlar personopplysningar for å levere ulike tenester. Kva formål personopplysningane behandlast til, avhenger av kva tenester fylkeskommunen leverer til deg. Du vil finne nærare informasjon om dette knytt til dei enkelte tenestene.

Regelverk med verknad for fylkeskommunen si behandling av personopplysningar

Personopplysningsloven inneheld regler om korleis personopplysningar som samlast inn vil bli behandla, korleis dei blir sikra, kven som har tilgang og om de kan utleverast til andre.

Offentleglova med forskrifter inneheld reglane for når eit dokument er offentleg, og når ein kan gjere unntak for offentlegheit. Fylkeskommunen praktiserer meiroffentlegheit, som inneber at vi prøver å vere mest mogeleg opne for innsyn frå omverda.

Forvaltningslova inneheld saksbehandlingsreglar for korleis saka din vil bli behandla i fylkeskommunen. Som part i saka har du særskilte rettighetar, bl.a. om innsyn i sakens dokumenter.

Arkivlova inneheld regler for korleis ulike dokument skal oppbevarast, blant anna om lagring i arkivinstitusjon.

Fylkeskommunen sine nettsider

Fylkeskommunen samlar vanleg besøksstatistikk for sine nettsider ved hjelp av analyseverktøyet Google Analytics. Opplysningane blir berre nytta i samanheng med drifta og vidareutvikling av fylkeskommunens nettsider.

I tråd med vanlig praksis på Internett registrerast brukaranes IP-adresse av nettstaden mrfylke.no. Fylkeskommunen har valt å nytte eit script som tar vekk dei siste sifra frå din IP-adresse før informasjonen blir lagra av Google Analytics. Dette gjør at analyseverktøyet kan anslå brukaranes geografiske plassering, men adressa kan ikkje nyttast for å identifisere den enkelte. Opplysningar som Google mottar er underlagt deira retningsliner for personvern.

Nyheitsbrev

Møre og Romsdal fylkeskommune sender ut nyheitsbrev på e-post til dei som ønsker. Nyheitsbrevet inneheld primært nyheitsartiklar, og blir sendt ut ein til to gangar i veka.

For at vi skal kunne sende deg nyheitsbrev på e-post, må du registrere ein e-postadresse. E-postadressa vil berre bli nytta til å sende ut nyheitsbrev og brukarundersøkingar om nyheitsbrevet for å få tilbakemelding om kva lesarane har behov for og kva dei synest er interessant. Når du melder deg på nyheitsbrevet, samtykker du til vår behandling av opplysningar om deg. E-postadressa blir lagra i ein eigen database drifta av vår databehandlar Make AS, blir ikkje delt med andre og blir sletta når du melder deg av nyheitsbrevet.

Du kan melde deg av ved å trykke på lenka for dette i nyheitsbrevet, eller ved å kontakte oss. Møre og Romsdal fylkeskommune behandlar personopplysningane fram til du melder deg av nyheitsbrevet.

Behandlingsgrunnlaget for behandling av e-postadressa di i tilknyting til nyheitsbrevet, er personvernforordninga artikkel 6 nr. 1 bokstav a, altså samtykke. Du kan når som helst trekke samtykket tilbake ved å melde deg av nyheitsbrevet. At du trekker ditt samtykke, vil ikkje påverke lovlegheita av behandlinga av personopplysningar som skjedde før du trakk samtykket tilbake.

Del/tips-tenesta

Del/tips-tenesta kan brukas til å vidaresende tips eller dele artiklar frå våre heimesider. Opplysningar om tips blir ikkje lagra, men tipset leggas inn hos det eventuelle nettsamfunnet du vel. Korleis det aktuelle nettsamfunnet som handterer opplysningane vidare, reguleras av din avtale med nettsamfunnet.

Om du nyttar tenesta til å sende lenke via e-post lagrar vi ikkje e-postadressene du sender til, eller andre opplysningar du legg inn.

Kontakt via e-post

E-post er ikkje ein sikker kanal for informasjonsutveksling, då informasjon kan kome på avvege. Vi oppmodar difor til ikkje å sende sensitive eller fortrulege opplysningar til fylkeskommunen per e-post. Skal du sende fortrulege opplysningar kan du bruke e-Dialog eller sende oss brev.

Påmeldingsskjema

Påmeldingsskjema på www.mrfylke.no som blir nytta til ulike konferansar, kurs o.a. som blir arrangert av Møre og Romsdal fylkeskommune er kryptert (SSL). Det er berre arrangør, nettredaktør og administrator som har tilgang til dei opplysningane du sender inn til fylkeskommunen via påmeldingsskjemaet. Opplysningane blir berre nytta til administrasjon av arrangementet, og dei blir sletta når arrangementet er avvikla.

Samtykke

Dersom vår behandling av personopplysningar skjer med grunnlag i samtykke, kan dette når som helst trekkast tilbake, og fylkeskommunen vil då avslutte den aktuelle behandlinga av personopplysningane.

Innsyn i eigne opplysningar

Det er høve til å be om innsyn i kva behandling av personopplysningar fylkeskommunen gjer. Du kan og når som helst be om å sjå opplysningane vi har registrert om deg.

Retting/sletting av opplysningar

Dersom du finn at opplysningane om deg er unøyaktige eller ufullstendige, kan du krevje å få opplysningane retta/sletta.

Når det ikkje lenger er behov for personopplysningane vil dei bli sletta i tråd med regelverket.

Avgrensa behandling

I nokre situasjonar kan du be oss avgrense behandlinga av opplysningar om deg.

Protestere mot en behandling av personopplysningar

Om vi behandlar opplysningar om deg med grunnlag i våre oppgåver eller på bakgrunn av en interesseavveging, har du rett til å protestere på vår behandling av opplysningar om deg.

Dataportabilitet

Om vi behandlar opplysningar om deg med grunnlag i samtykke eller en kontrakt, kan du be oss om å overføre opplysningar om deg til deg eller til annen behandlingsansvarlig.

Personvernombod

Om du meiner vi ikkje etterlever reglene i personopplysningsloven, eller har spørsmål til vår behandling av personopplysningar, kan du kontakte vårt personvernombod, Henrik L. Syversen ved Interkommunalt Arkiv for Møre og Romsdal.

Klage på vår behandling av personopplysningar

Du kan også klage over vår behandling av personopplysningar. Dette gjør du til Datatilsynet.

Kontakt

Har du krav om innsyn, retting/sletting av opplysningar, eller anna som gjeld fylkeskommunen sin behandling av personopplysningar ta kontakt med oss per e-post post@mrfylke.no eller

Møre og Romsdal fylkeskommune,
Fylkeshuset, 
6404 Molde

 

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.