Vil utvikle bustadar og nabolag for framtidas behov i Møre og Romsdal

Fylkeskommunen inviterer til bustadkonferanse 22.-23. juni. Den raude tråden er korleis vi kan utvikle bustadar og nabolag for framtidas behov i regionen

Skriv ut

Med konferansen ønsker fylkeskommunen å sette bustadbygging på dagsorden.

-  Gode bustadar og nabolag er viktig for alle og betyr mykje for liva våre og særskilt mykje for barn og unge sine moglegheiter seinare i livet. Men kva som er ein god bustad er ikkje det same for alle. Vi må sørge for at det er betre kopling mellom korleis folk ønsker å bu og kva bustadar som finst i marknaden, seier Grete Kongshaug, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

- Befolkninga blir stadig eldre, fleire vel å bu aleine og fleire bur i byar og tettstader. Det betyr at vi må ha ein variasjon av bustadtypar, slik menneske i ulike livsfasar kan bu i same område. I distrikta er det mange einebustadar, men dette passar ikkje nødvendigvis med det demografiske mønsteret vi har eller for unge tilflyttarar. Her kan vi bli betre, seier Kongshaug.

Treng nyskapande bustadløysingar

Bustadkonferansen blir arrangert i lag med Statsforvaltaren og Husbanken og skal mellom anna utforske korleis vi kan utvikle bustadar for framtidas behov i fylket.

-  Når befolkninga endrar seg og vi bur tettare, må vi og tenke på kva som skaper gode nabolag, som gode og grøne uteområde, snarvegar, fellesskap og  moglegheit  for sosial kontakt. Bukvalitet dreier seg og om lys, farger, materialar og omsorg for detaljane, som ei munter farge, fin benk og eit vakkert tre. Vi må tenke innovativt og utvikle gjennomtenkte løysingar slik at eldre kan bli buande lenger i heimen sin og foreldre kan sende ungane aleine til leikeplassen, seier Kongshaug.

Arrangørane ser bustadpolitikk i samanheng med arbeidet med tettstadutvikling og berekraftsmåla, og meiner konferansen er av særleg interesse for politisk leiing og administrativt tilsette i kommunane, men og andre som er interesserte i temaet. Arrangørane vil også ha med seg dei private, fordi eit godt samarbeid blir enda viktigare for å skape meir innovative løysingar i bustadmarknaden.

- Kommunane er viktige som bustadpolitiske aktørar, det vil seie at planane dei legg og tiltaka dei vel har konsekvensar for bustadmarknaden og bukvalitet. Vi ønsker å presentere kva grep kommunane kan ta og gi eit heilskapleg blikk slik at bustader og buområde bidrar til å nå måla om mangfald og inkludering. Bustadbygging er by- og stadutvikling i praksis, seier Kongshaug.

På konferanseprogrammet står mellom anna

  • Case i Molde og Surnadal: Alv Skogstad Aamo, arkitekt/byplanleggar, Gottlieb Paludan arkitektar innlegg om fortetting med kvalitet i Møre og Romsdal
  • Stina Jakobsen, prosjektleiar «Leve heile livet» i Ørsta kommune, som viser fram resultat frå prosjekta «Planar og tiltak for eit aldrande samfunn»
  •  Birger Jensen, seniorrådgivar, Husbanken, tek for seg bustadsituasjonen på bygda.
  • Eli Støa, professor NTNU, spør og svarer på «Kva er ein god bustad ?»
  • Einar Busterud, ordførar i Hamar kommune, presenterer kva grep Hamar har gjort
  • Forbildeprosjektet Tollåsenga borettslag: Tormod Skundberg, eigedomssjef, Kristiansund kommune

Les heile programmet her

Lenke til påmelding

 

Ønsker du å abonnere på vårt nyheitsbrev? Registrer deg her.