Vil utbetre hurtigbåtkaia ved Hamnsund

Fylkeskommunedirektøren ønsker å utbetre hurtigbåtkaia ved Hamnsund, for å gje tryggare og enklare ombord- og ilandstiging for passasjerane.

Skriv ut

Saka skal behandlast av samferdselsutvalet i møtet torsdag 29. september.

Hurtigbåtkaia ved Hamnsund har ein stålkonstruksjon som er i svært dårleg stand, og må no utbetrast. Både fenderveggen og rekkverket er i dårleg stand, og landgangen er heller ikkje universelt utforma. Fylkeskommunedirektøren meiner at hurtigbåtkaia er i så dårleg forfatning, at det hastar å gjere utbetringar.

Tryggare og enklare

Tiltaka som er foreslått vil gjere det tryggare og enklare for passasjerane å nytte dette kollektivtilbodet. Hamnsund er eit viktig knutepunkt, og det er utlyst tilbodskonkurranse for etablering av mellom anna bil- og sykkelparkering, areal til buss, og gjennomføring av trafikktryggingstiltak på kaiområdet.

Utskifting av dagens kaisystem til flytande kai har vore vurdert. Men fylkeskommunedirektøren meiner det er for tidleg å investere i ny kai, før det er klart kva slags hurtigbåtløysing det vil bli i sambandet ved ny kontrakt frå 2027.

Kostnad: 4 mill. kr

Utbetringa av hurtigbåtkaia er kostnadsestimert til om lag 4 mill. kroner, og må dekkast over vedlikehaldsbudsjettet.

Bakgrunnen for saka er at omlegging av kollektivtilbodet etter opning av Nordøyvegen medfører behov for vedlikehald, planlegging og investering i ny infrastruktur, som ikkje er tatt omsyn til i vedtatt økonomiplan.

Saka skal til vidare behandling i fylkesutvalet, før endeleg avgjerd i fylkestinget.

Kontakt