Vil møte kommunane for å diskutere berekraft

Fylkesordførar Tove-Lise Torve inviterer i lag med Ålesund kommune og U4SSC  alle kommunane til å diskutere korleis vi saman kan gjere Møre og Romsdal til det fremste berekraftfylket i Norge.

Skriv ut

- Berekraft og FN sine berekraftsmål står stadig meir sentralt i politikken og samfunnsdebatten. Det set sit preg på både kvardagsliv og næringsliv, politikk og administrasjon og krev at vi må samarbeide for å lykkast. Derfor vil vi ha med kommunane, for å fylle berekraftsmåla med konkrete innhald, seier fylkesordføraren.

Møtet er eit ledd i satsinga ‘Berekraftfylket Møre og Romsdal’. Les meir om satsinga her.

Stad: U4SSC, FNs framtidslab i Ålesund 6. etasje i NMK-bygget

Når: fredag 8. november

Tid: 13.00- 15.00

Kontakt