Vil lage verdas første senter for sertifisering av berekraft

Fylkeskommunen har over tid hatt eit godt samarbeid med kommunane om utviklingsprosjekt eksempelvis i  Ålesund, Ørsta, Stranda, Volda og Kristiansund. No ligg det planar for enda ei etablering; i Molde.

Skriv ut

Saman med Molde kommune har Møre og Romsdal fylkeskommune planar om ein base for bygg-, eigedom- og anleggsbransjen lokalisert til Reknessenteret, vest for Fylkeshuset.

Tanken er å samle Molde Eiendom KF (MEKF) og fylkeskommunen si avdeling for bygg og eigedomstenester (BYE) i same lokalar og etablere eitt eller fleire kompetansemiljø. Kommunen og fylkeskommunen ser for seg verdas første senter for sertifisering av berekraft.

22. juli blei det skrive under ein intensjonsavtale mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Molde kommune. Måndag 30. august får fylkesutvalet ei orientering om avtalen. Formannskapet i Molde kommune behandlar intensjonsavtalen i sitt møte tysdag 24. august.

Møre og Romsdal i front

Regjeringa har bestemt at FN sine 17 mål for berekraft, og 169 delmål, skal ligge til grunn for berekraftig samfunnsutvikling i Noreg. I Møre og Romsdal er det allereie gjennomført eit betydeleg arbeid med kartlegging og registrering av berekrafta. Fylkeskommunedirektøren meiner arbeidet som er gjort er eit godt grunnlag for, saman med FNs U4SSC-satsing, å lage ei ordning med sertifisering. Det finst i dag verken eit system eller program – heller ikkje eit senter nasjonalt eller internasjonalt – som kan gjennomføre ei slik sertifisering av berekrafta.

Målgruppa til kompetansesenteret er offentlege aktørar.

Kan løyse fleire utfordringar

Utviklinga av Reknes kompetansehub gjer det også mogleg å løyse fleire utfordringar i området. Fylkeskommunen og Molde kommune ser føre seg:

Parkering: Partane er einige om å vurdere ei parkeringsløysing under bakken mellom Alexandra Hotell og Fylkeshuset. Parkeringa mellom Seilet og Aker stadion blir fjerna, samtidig kan trafikken vestfrå, inkludert trafikken frå nye E39 med Molde sentrum som mål, takast hand om. Parkeringsløysinga kan legge til rette for at store delar av sentrum blir bilfritt.

Sal av eigedomar: Eit felles kontorbygg i Reknessenteret kan frigi to bygg i fylkeshuskvartalet; «Bispegården» og BYE-kontoret. Ein tenker å selje «Bispegården» til Fylkeshuset AS, mens BYE-kontora må sanerast for å gi plass til eit eventuelt parkeringshus. Både fylkeskommunen og Molde kommune manglar gode kontorfasilitetar, og det står att å sjå på om behova kan løysast med eit felles kontor-/administrasjonsbygg.

Skape eit nytt kulturområde: Eit frigitt parkeringsområde ved Aker stadion har stort potensial. Partane ser føre seg ein «Aker kulturpark» med kulturområde, utescene og/eller konsertarena. Eit slikt prosjekt ligg utanfor partanes moglegheit til sjølv å realisere, her er ein avhengig av at eigarinteressene mellom anna til Aker stadion og selskapa som høyrer til, finn det interessant.

Møre og Romsdal fylkeskommune har ei aktiv rolle i utvikling i kommunar rundt om i fylket. Døme på samarbeidsprosjekt med kommunane er Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund, Volda Campus i Volda, Sjøfronten i Molde og i Kristiansund; opera, museum og kulturhus (Normoria) samt Campus Kristiansund.

Fakta om kartlegging og registrering av berekrafta

  • I «Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging 2019-2023» har regjeringa bestemt at FN sine 17 mål for berekraft, og 169 delmål, skal ligge til grunn for berekraftig samfunnsutvikling i Noreg.
  • Fleire norske kommunar, fylkeskommunar, organisasjonar og bedrifter har innleia eit samarbeid med FN under paraplyen United for Smart Sustainable Cities (U4SSC), om smart berekraftig utvikling.
  • Partane vil samarbeide med FN om å:
  • gi alle kunnskap om status i deira lokalsamfunn
  • utvikle planar for samfunnsutvikling som viser korleis vi skal nå måla for berekraft
  • mobilisere og støtte innbyggjarar, næringsliv, organisasjonar og akademia som bidrar til utvikling av berekrafta
  • måle og evaluere effekten av innsatsen

 

Snarvegar

Kontakt