Vil hjelpe lærebedriftene til å følge opp lærlingane sine
No vil fylkeskommunen rettleie lærebedriftene i heile fylket i korleis dei kan følge opp lærlingane sine på ein god måte, og inviterer til kurs i Ålesund, Molde, Kristiansund og Ulsteinvik.
I fylket er det totalt 2080 lærlingar, fordelt på 1575 godkjente lærebedrifter. Som ansvarleg for den vidaregåande opplæringa i fylke, har fylkeskommunen også eit ansvar for å følge opp lærebedriftene, slik at dei gjer lærlingane i stand til å lykkast.
No blir det arrangert kurs for lærebedriftene:
- Det er viktig at vi hjelper lærebedriftene til å følge opp lærlingane sine. Det er gjennom lærebedriftene at lærlingane skal lære yrket sitt. Derfor må vi spele dei gode, seier seksjonsleiar, Bjørnar Loe, i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Kurset er i hovudsak meint for nye faglege leiarar og instruktørar i lærebedrifter, men alle som har behov for ei fornying eller oppdatering er velkomne til å delta. Tilsynsrepresentant/tillitsvald er og velkommen til å melde seg på.
Kurset vil ta for seg dette:
- Kva det inneber å vere fagleg leiar og instruktør i ei lærebedrift, og korleis dei kan følge opp lærlingen på best mogleg måte
- nyttig informasjon om tilgjengelege verktøy og ressursar slik som Vigo Bedrift, kompetanseutvikling for lærebedrifter, tilretteleggingstilskot og læreplassprognose.
- prøvenemnd fortel om si erfaring. Kva ser prøvenemnd etter på gjennnomføring av fagprøva, og korleis kan lærebedriftene preppe lærlingane sine på best måte slik at dei greier prøva.
Meld deg på kurs her
Påmelding til Ulsteinvik 18. oktober
Påmelding til Ålesund 19. oktober
Påmelding til Kristiansund 23. oktober
Påmelding til Molde 24. oktober
Sosialt
Laila Lyngsaunet er rådgivar i fylkeskommunen i seksjon Opplæring i bedrift, og ei av dei som vil halde foredrag på kurset.
- Kurset vil gi god faglege input, men også eit sosiale fellesskapet saman med andre faglege leiarar og instruktørar, og oss frå fylkeskommunen, seier Laila.
Kurset er gratis inklusivt lunsj og vert arrangert på hotell i Ålesund, Molde, Kristiansund og Ulsteinvik.