Vi er Campus Kristiansund!

Campuskonferansen 2019 viste at ein er komen mange steg nærare realisering av Campus Kristiansund i 2022. No byrjar arbeidet med å forme det første byggetrinnet

Skriv ut

Campusprosjektet er eit fylkeskommunalt prosjekt, men veldig mykje av innsatsen er det dei mange samarbeidspartnarane som gjer, og på konferansen fekk ein høyre om mykje av dette.

Jostein Breines og Kristin Haug Lund frå Devoldholmen Utvikling kunne fortelje at regulering av tomta er godt i gang, og viste også kva tankar dei har om korleis Campus Kristiansund kan bidra positivt til byutvikling. I haust set utbyggarane seg ned med dei verksemdene som har signalisert at dei vil vere med i første byggetrinn, for å lage konseptet for bygget. Går alt etter planen, skal spaden i jorda tidleg i 2021 og bygget vil stå ferdig mot slutten av 2022.

Stor studentvekst – men treng hjelp frå næringslivet

Høgskulen i Molde viste fram dei nye tilboda som dei har starta i Kristiansund, og fortalte også om planar som fagfolka har for dei neste åra. Rektor Steinar Kristoffersen kunne vise fram ei prognose der studenttalet kan vekse frå under 200 i 2016 til meir enn 500 studentar i 2022 – over ei dobling. I tillegg kjem studentar frå andre høgskular og ikkje minst Fagskulen i Kristiansund. Rektor Marit Bjerkestrand kunne presenterte fleire spanande utviklingsprosjekt, men bad samstundes om at næringslivet bidreg til å nytte plassane på bioprosesslina ved skulen.

Første Møreforskar på Campus

Ei av nyheitene på konferansen var at Møreforsking i haust etablerer kontor i Kristiansund. Konserndirektør Agnes Gundersen presenterte teamet som vil være knytt til Kristiansund, og som er basis for Møreforsking si satsing mot Campus Kristiansund. Hanne Solvang Felberg, som kjem frå GC Rieber Oils, blir første Møreforskar på campus, og får med seg fleire andre fagpersonar som vil ha kontordagar i Kristiansund.

Mange som bidreg

Men breidda i det som no skjer rundt Campus Kristiansund er enda større. Både Helseinnovasjonssenteret, Kristiansund kommune, SpareBank 1 Nordvest, Møre og Romsdal fylkeskommune, Høgskulesenteret, NEAS, Gjemnes kommune, Vindel, Skretting, GC Rieber Oils og fleire til, kunne fortelje om det dei no gjer som på ulike vis støttar opp om campusutviklinga. Og i pausane og «coffee workshops» undervegs nytta folk tida til å dele kunnskap og sjå etter felles mogelegheiter. For kjerna i Campuskonseptet er å koble kompetanse for å skape utvikling og ny kunnskap.  Og som prosjektleiar Roland Mauseth kunne slå fast: - Campus Kristiansund er her allereie – vi er Campus Kristiansund.

Vil du ha med deg litt av stemninga på Campuskonferansen? Da kan du sjå video frå konferansen her: