Vestlandsrådet har starta arbeidet med felles næringsstrategi

Arbeidet med ein ny felles næringsstrategi for dei tre vestlandsfylka er i gang. Strategien vil bli lagt fram i slutten av mai, og er også tema i Vestlandsrådet sitt møte 19. mai. 

Skriv ut

Målet med strategien er å styrke Vestlandet som region for verdsleiande, berekraftig næringsliv. Dette skal mellom anna vere basert på kunnskapen og erfaringane som over lang tid er bygd opp i eksisterande næringsliv.

Det er viktig å sikre nasjonale rammevilkår for ny vekst og omstilling for framtidas arbeidsplassar på Vestlandet. Kunnskapen om dette er stor, men fragmentert. Ein overordna næringsstrategi skal samle og systematisere denne kunnskapen.

Aktørar frå heile Vestlandet er samla når den nye næringsstrategien for Vestlandet blir utforma, mellom anna sjeføkonom Kyrre Knudsen i SpareBank 1 SR-Bank, Fjord Norge-direktør Stein Ove Rolland og tidlegare fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal (KrF).

Kyst- og havkultur blir trekt fram som noko av det viktigaste som bind Vestlandet saman. Dei tre deltakarane i prosjektgruppa ser store fordelar dersom ein klarar å auke samarbeid og samskaping, og meiner Vestlandet kan tene mykje på samarbeid på tvers av ulike miljø.

Prosjektet er organisert med ei styringsgruppe leia av Per Vidar Kjølmoen (fylkesvaraordførar i Møre og Romsdal) og ei prosjektgruppe leia av Bergljot Landstad (Seniorrådgjevar i kompetanse- og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune). Ingvill Flo frå PwC er engasjert som prosjektleiar.

Du kan lese meir om arbeidet med den nye næringsstrategien på vestlandsraadet.no

Dette er Vestlandsrådet:

  • Vestlandsrådet er et politisk samarbeidsråd mellom fylkeskommunane i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal.
  • Vestlandsrådet er danna for å styrke landsdelen, både nasjonalt og internasjonalt, og utgjer ei politisk kraft som er sterkare enn den dei deltakande fylkeskommunane er kvar for seg.
  • Vestlandsrådet består av representantar frå fylkestinget sine medlemmer i dei ulike fylka.
  • Leiinga av Vestlandsrådet går på omgang og i 2021 har Møre og Romsdal fylkeskommune med leiinga.
  • Ny næringstrategi for Vestlandet er klar i juni 2021

Snarvegar

Kontakt