Utbetrar fylkesvegar i Aure og på Smøla for 5,2 mill.

Eit samrøystes samferdselsutval sa onsdag ja til å påskunde utbetring av to fylkesvegar i Aure og på Smøla.

Skriv ut

Samferdselsutvalet følgde innstillinga frå fylkeskommunedirektøren, som i sitt saksframlegg argumenterte for at det er meir lønnsamt og berekraftig å gjere førebuande arbeid før asfaltering. Midlane til arbeidet omdisponerast frå ramma for fylkesvegar.

Vegane som no får pengar til utbetring, er:

  • Fylkesveg 680 mellom Torset og Ulfset, Aure kommune. Strekninga Torset-Ulfset er på 7,9 kilometer.
  • Fylkesveg 6200 Hopen-Sør Gulltjønna og fylkesveg 533 Sætran-Pilsbekken, Smøla kommune.

Vedtaket frå samferdselsutvalet er slik:

1. Samferdselsutvalet vedtar å omdisponere 3,8 mill. kroner innafor ramme 96 Fylkesvegar, for å finansiere og gjennomføre tiltak på sideterreng og breiddeutviding av kritiske flaskehalsar på fylkesveg 680 mellom Torset og Ulfset i Aure kommune i 2021. Rekkverk og etablering av eventuelle møteplassar er ikkje planlagt gjennomført innanfor dei 3,8 mill. kronene.

Kostnadsramma for utbetringsprosjektet «Torset og Vihalsen», prioritet 5 under «Utbetringar» i vedtatt investeringsprogram, blir tilsvarande redusert ved framtidig rullering av investeringsprogram og økonomiplan.

2. Samferdselsutvalet vedtar å omdisponere 1,4 mill. kroner innanfor ramme 96, for å finansiere forsterkning av strekninga Hopen – Sør Gulltjørna, fylkesveg 6200 i Smøla kommune.

Kostnadsramma for forsterkningsprogrammet i vedtatt investeringsprogram, blir tilsvarande redusert ved framtidig rullering av investeringsprogram og økonomiplan.

Snarvegar

Kontakt