Unik støtteordning for å løyse berekraftutfordringar

Fylkespolitikarane i Møre og Romsdal set av 1,8 mill. kroner til ei ny støtteordning for innovative innkjøp i kommunane, der det vil bli mogleg å inngå utviklingskontrakter mellom kommune og bedrift.

Skriv ut

Formålet med ordninga er å finansiere prosjekt der kommunen sit med ei samfunnsutfordring knytt til berekraft, og der innovative bedrifter kan utvikle løysinga. Ordninga er spesielt retta inn mot gründerar og oppstartselskap. Kommunane kan i tillegg få prosess-støtte i innkjøps- og utviklingsfasen. 

-Skal Møre og Romsdal lykkast med berekraftmåla, må alle krefter på banen. Kommunane kjenner utfordringsbildet, og vi er sikre på at det finst gründerar og små bedrifter som klør etter å utvikle innovative løysingar, berre dei får sjansen. Her ligg det også eit potensial for eksport. Derfor utfordrar vi no kommunane til å inngå forpliktande avtalar med oppstartsbedrifter om å finne og utvikle løysingar på konkrete samfunnsutfordringar, seier leiar i kultur, næring og folkehelseutvalet, Marit Nerås Krogsæter. 

Banebrytande

Kommunane i Møre og Romsdal har kartlagt status for FNs berekraftmål. Kartlegginga viser tilstanden på om lag 100 nøkkelindikatorar for smarte og berekraftige byar og samfunn, og ein har no god oversikt over utfordringsbildet. Fylkeskommunen er partnar i  Nasjonalt program for leverandørutvikling og brukar no erfaringane derifrå, blant anna frå ordninga StartOff som inspirasjon for den nye støtteordninga. 

-Som den første fylkeskommunen i Noreg viser Møre og Romsdal no korleis ein aktivt kan kople berekraftkartlegginga og innovative innkjøp til å få fram innovasjon og bidra til næringsutvikling, seier Hilde Sætertrø i Leverandørutviklingsprogrammet. -Å bruke midlar på ein så målretta måte er eit godt eksempel på korleis fylkeskommunar kan sørge for meir samskaping mellom offentleg sektor og  blant anna oppstartsbedrifter, seier Sætertrø. 

Den nye ordninga vil bli lyst ut på nettsidene til Møre og Romsdal fylkeskommune mrfylke.no/tilskot 

Saka vart behandla politisk i  kultur, næring og folkehelseutvalet tysdag 8. juni. Du kan lese heile saka her (pdf)

Kontakt