Ungdom: Søk støtte til spennande prosjekt og aktivitetar!
Har du ein god idé til aktivitet for ungdom? Treng du pengar til juleverkstad, kanonballturnering. lydutstyr eller sminkekurs eller noko heilt anna? No kan du søke om tilskot frå ungdomsmidlane.
Kvart år deler Ungdomspanelet i Møre og Romsdal ut 250.000 kr til ulike prosjekt for ungdom rundt om i fylke. Søknadsfristen for denne runden er 1. desember.
- Vi ønsker å støtte engasjementet og aktivitet blant ungdom i fylket. Det er formålet med tilskotet, seier Niels Adon Leenders, fungerande leiar av Ungdomspanelet.
Kva kan du søke støtte til?
For å få støtte, må du sende ein søknad frå fylkeskommunen si nettside, beskrive kva du søker om og fortelje kva det vil koste. Det kan søkast om støtte til utstyr eller til arrangement. Både ungdommar og dei som jobbar med ungdommar kan søke.
I vår delte Ungdomspanelet blant anna ut tilskot til utstyr og aktivitetar for ungdom i området i Flemma, Vartdal Generasjonskorps fikk midlar til rekrutteringstiltak for ungdom og Ung i Volda fikk støtte til å arrangere ungdomsfestival for ungdom i og rundt Volda.
- Vi veit at det er mange unge i Møre og Romsdal som er engasjerte og sit på mange gode idear. Vi håper derfor at dei søker på ungdomsmidlane og får ei moglegheit til å gjennomføre draumeprosjekt sitt, seier Leenders.
Prosjekta som får støtte skal samle ungdom, gi positiv effekt over tid, og skal vere ope for fleire.
Kven gjer ungdomspanelet?
Det er ungdomspanelet, som er Møre og Romsdal sitt politiske organ for ungdom, som deler ut ungdomsmidlane, i april og desember, kvar år. Tildeling av ungdomsmidlane er berre ei av oppgåvene: gjennom ungdomspanelet skal ungdom i Møre og Romsdal ha reell medverknad, påverke politiske saker i fylkeskommunen, auke samfunnsengasjementet til ungdom og bidra til opplæring og erfaring i demokratiske prosessar. Ungdomspanelet skal vere eit rådgivande organ for Møre og Romsdal fylkeskommune i alle saker som gjeld ungdom. Panelet kan sjølv ta opp saker dei ønsker å fremme for administrasjonen eller politiske organ i fylkeskommunen.