Toril Hovdenak er tilsett som fylkeskommunedirektør

Fylkestinget vedtok måndag å tilsette Toril Hovdenak (53) frå Molde som fylkeskommunedirektør i Møre og Romsdal.

Skriv ut

Hovdenak er i dag kommunedirektør i Rauma kommune.

I det same vedtaket blei Arne Ingebrigtsen frå Kristiansund innstilt på andreplass til jobben. Ingebrigtsen er i dag kommunedirektør i Kristiansund.

Vedtaket i fylkestinget var einstemmig.

- Det var fire gode søkarar til stillinga, og eg er glad for at vi kan tilby stillinga til Toril Hovdenak, seier fylkesordførar Tove-Lise Torve, som håpar at Hovdenak takkar ja til jobben.

Hovdenak har utdanning frå Høgskolen i Molde; økonomi og administrasjon (1989-1991) og jusstudiar (2005-2007), og Master of Business Administration (MBA) frå Siviløkonomutdanninga i Bodø (1991-1993).

Toril Hovdenak har vore kommunedirektør i Rauma sidan august 2017. Før det var ho administrerande direktør ved Bussbygg AS i Molde (2012-2017). Hovdenak har hatt ei rekke ulike styreverv, og har også erfaring som varaordførar i Molde (2003-2011).

Hovdenak har nærmare ti års erfaring som tilsett i Møre og Romsdal fylkeskommune (1995-2005); i den siste stillinga var ho stabsleiar økonomi i utdanningsavdelinga.

Jobben som ny fylkeskommunedirektør blei lyst ut etter at Ottar Brage Guttelvik tidlegare i år sa opp etter 23 år i jobben og blei pensjonist.

Det var fire søkarar til stillinga.

Kontakt