Tips & triks om tilskot – slik skriv du ein god søknad

Tysdag 14. september arrangerer kulturavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune eit tilskotsseminar til både nytte og inspirasjon for søkarar av tilskot på kulturområdet.

Skriv ut

Er du blant dei nærare 1300 søkarane til nokon av dei ulike tilskotsordningane som kulturavdelinga behandlar kvart år? Då inviterer vi deg til seminar!

Fylkeskommunen støttar små og store prosjekt i heile Møre og Romsdal. Vi ønsker å vise eksempel på kva type tiltak som har fått støtte frå oss tidlegare og gi deg nye idear til prosjekt og tiltak som kan være med på å gi eit betre kulturtilbod til innbyggarane i fylket. På seminaret vil du få oppdatert kunnskap om våre ordningar, få vite kven som kan søke dei ulike ordningane og høyre meir om korleis du kan forbetre søknaden for ditt prosjekt.

Har de eit eldre hus som skal oppgraderast for å ta i mot utstillingar, teater, konserter eller anna kulturverksemd? Er det ein gjengrodd sti fram mot eit gamalt kulturminne der du bor? Har de ein ide til ei teateroppsetjing på det lokale ungdomshuset? Svarar du ja på noko av dette, er dette rett seminar for deg.

Gå ikkje glipp av tilskotsseminaret 14. september kor du får tips og triks til å gode grep i søknaden til eit kulturtiltak der du bor!

Skal du søke treårig driftstilskot til ditt kulturtiltak? Da bør du få med deg informasjonsmøtet om treårige tilskot 6. september.

Snarvegar

Kontakt