Tilskotsseminar: Slik søker du om tilskot til kulturprosjekt

Vi inviterer til nettseminar om korleis du kan søke kulturmidlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune, til alt frå festivalar til fartøyvern og kulturminne. Få informasjon om tilskot, og tips til korleis skrive ein god søknad.

Skriv ut

Tilskota vi deler ut skal legge til rette for eit mangfald av kulturtilbod i heile fylket. Eit mål er derfor å få inn gode søknadar til gode prosjekt. Tilskotsseminaret den 27. september handlar om kva ordningar kan du søke, korleis du skriv ein god søknad, i tillegg til ein gjennomgang av nye retningslinjer for prosjekttilskot.

Tilskot du kan søke

Seminaret tar blant anna for seg kva tilskotsordningar det kan søkast frå i haust. Her er lista:

Eittårig driftstilskot – Historiske spel, regionale festivalar og kulturarrangement
Integreringstiltak for flyktningar i regi av  frivillige lag og organisasjonar
Prosjektstøtte til profesjonell kunst og kultur
Møremusikarordninga – Arrangørtilskot til innleige av profesjonelle frilansmusikarar
Brannsikring av tette trehusområde
Bygningar og anlegg i verdsarvområdet
Fartøyvern
Freda kulturminne i privat eige
Freda middelalderhus i privat eige, frå før 1537
Regionale kulturminne og kulturmiljø
Tekniske og industrielle kulturminne
Tilskotsordningar lyst ut gjennom programmet «Ein bit av historia»
Større idrettsarrangement

Les meir om dei ulike tilskotsordningane på kulturfeltet her.

Kulturarv og integrering

Blant anna er det lyst ut midlar gjennom programmet «Ein bit av historia», som støttar tiltak for å løfte fram historiske kulturarv, autentisk kultur, tradisjonar og særpreg i lokalsamfunna. Eit anna tilskot som vert løfta fram på seminaret, er tiltak retta mot frivillige lag og organisasjonar tar for seg integrering av flyktningar.

Styrke kulturtilbodet

Påmeldingsfrist er søndag 25. september. Dagen etter søknadsfristen mottar alle påmeldte ei lenke for å koble seg opp til møtet digitalt. Arrangør er kulturavdelinga i fylkeskommunen.

Meld deg på her.

Sjå heile programmet her.

Kontakt