Tilrår at fylkeskommunen tildeler 200 000 kroner til «Ferjeaksjonen i Møre og Romsdal»

Fylkeskommunedirektør Ottar Brage Guttelvik tilrår at fylkeskommunen støttar arbeidet til Ferjeaksjonen i Møre og Romsdal. Fylkesutvalet skal behandle saka måndag 22. februar. 

Skriv ut

I saksframlegget står det at Møre og Romsdal fylkeskommune har arbeidd for ei betre ferjefinansiering i lengre tid, og at «Ferjeaksjonen i Møre og Romsdal» vil vere ein medspelar i dette arbeidet. 

Bakgrunn for tildelinga 

"Ferjeaksjonen i Møre og Romsdal” er ein interesseorganisasjon som skal arbeide for lågare ferjetakstar og gode ferjeløysingar på kysten. Foreininga skal også arbeide for å synleggjere behovet for, og konsekvensane av, at næringsliv, pendlarar og innbyggjarane på kysten må ha same transportkostnader som resten av landet. 

Du kan lese heile saksframlegget i møtekalenderen 

Kontakt