Tilbyr alle kommunar kurs i klimatilpassing
Korleis kan kommunane i fylket tilpasse seg klimaendringane, med løysningar basert på naturen? Møre og Romsdal fylkeskommune tilbyr gratis kurs, og vil at kommunane skal melde inn konkrete problemstillingar dei ønsker hjelp til.
Kurset består av seks webinar på to timar, frå november 2023 til mars 2024, og ei fysisk samling i Molde til slutt. Kurshaldar er Multiconsult.
No ønsker ho at kommunane skal melde inn konkrete utfordringar som dei ønsker å få hjelp til.
- Dette er altså ein unik moglegheit til å få hjelp med eit reelt prosjekt i kommunen. Og vi ønsker at kommunane skal samarbeide om kva problemstillingar dei ønsker å få belyst, seier Ingeborg Simonsen, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.
Løyse konkrete utfordringar
Multiconsult vil ta utgangspunkt i dei konkrete problemstillingane i kursserien. På den avsluttande fysiske samlinga i Molde, vil Multiconsult velje ut tre av casa som er meldt inn og invitere til diskusjon.
- Har de eksempel på at kommunen har brukt naturbaserte løysingar for å løyse utfordringane, send dei inn, seier ho.
Naturlege løysingar
At løysingane skal vere naturbasert, betyr at dei brukar moglegheitene som ligg i naturen til å møte ei utfordring, som å dempe flaum eller overvatn, stabilisere grunnen og motverke skred. Det vil seie at løysingane tar utgangspunkt i korleis området er utforma og brukar naturtypane eller økosystemet eller etterligner disse. Naturbaserte løysingar kan gi ei rekke positive tilleggseffekter, for eksempel bidra til rein luft, fritidsaktivitar, bevaring av kulturminne og -miljø, landskap, helsegevinstar, velvere og naturmangfold, forklarar Simonsen.
Kurset er for alle som skal planlegge, gjennomføre og drifte naturbaserte løysingar, for eksempel planleggarar, beredskap, bygg og eigedom, vatn og avløp, teknisk etat og infrastruktur. Eit webinar vil vere tilpassa politisk og administrativ leiing.
Send både utfordringar og eksempel til ingeborg.simonsen@mrfylke.no.
Det ligg lenker til påmelding i invitasjonen nedst på denne sida. Det er også mogleg å melde seg på webinara i kalenderen.