Taresenter eit steg nærare realisering

I juni vedtok Fylkestinget å etablere aksjeselskapet Ocean Seaweed Centre AS med forretningskontor i Kristiansund. No har jakta på eigna dyrkingslokalitetar til havs starta.

Skriv ut

Ocean Seaweed Centre AS vil bestå av eit anlegg til havs der det vil bli dyrka makroalgar, og eit pilotanlegg for mottak og testprosessering.

No er anbod om eigna lokalitet for dyrking og utføring av miljøundersøkingar lagt ut.

- Vi ser etter ein lokalitet nær land som i stor grad liknar forholda til havs. Det bør ligge nær Kristiansund, der også forretningskontoret skal ligge. Området vil bli brukt til testing av utstyr og dyrking av tare, seier Rebekka Varne, rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ny industri

Målet med etableringa av taresenteret er å utvikle industriell dyrking og prosessering av tare. Senteret vil ha tett tilknyting til Campus Kristiansund, men også samarbeide med Fagskolen om prosessering av tare på algelaben.

Satsinga skal bidra til å auke verdiskapinga til næringslivet og bidra til at regionen stadig får fleire vekstkraftige bedrifter og innovative næringsmiljø innanfor makroalgedyrking.

Planar for senteret vil bli presentert nærare på konferansen Algemania den 27.-28. oktober.

Snarvegar

Kontakt