Tar Bypakke Kristiansund eit steg vidare

Fylkesutvalet skal måndag peike ut medlemmar frå Møre og Romsdal fylkeskommune til styringsgruppa for Bypakke Kristiansund.

Skriv ut

I juni 2018 vedtok bystyret i Kristiansund samrøystes å jobbe for ein bypakke i Kristiansund.

Hovudgrepa er ei rundkøyring og sykkelbru/undergang i Rensvik-området, fleire kryss og utbetringar på Nordlandet samt ei ny vegløysing mellom Vikansvingen og Kontrollplassen. Det tilrådde prosjektet kostar 950 mill. kroner og vil ta 6,5 år å betale ned med ein bompengesats på 20 kroner.

I vedtaket frå bystyret står det at «Kristiansund kommune ønsker å bygge en framtidsrettet samferdselsløsning for byen og regionen gjennom å etablere en bypakke for finansering av utbyggingen.»

Bypakken skal legge grunnlag for at meir av veksten i persontransport kan takast med kollektivtrafikk, sykkel og gange.

Bypakke Kristiansund er eit samarbeid mellom Statens vegvesen, Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Dei tre partane skal alle vere representert i styringsgruppa, som blir leia av Kristiansund kommune.

Styringsgruppa sitt mandat er å utføre porteføljestyringa av bypakka innafor vedtekne rammer. Er det endringar som går utanfor rammene, må saka til politisk behandling i fylkesting og kommunestyre.

Snarvegar

Kontakt