Styrkar sosial berekraft, inngår strategisk partnarskap

Møre og Romsdal fylkeskommune har skrive avtale om strategisk partnarskap med Senteret for et aldersvennlig Norge.

Skriv ut

Det var kulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen som signerte avtalen på vegner av Møre og Romsdal fylkeskommune.

− I berekraftfylket Møre og Romsdal ser vi på partnarskap med Senteret for et aldersvennlig Norge som ein moglegheit til ytterlegare å styrke arbeidet vårt med sosial berekraft spesielt, seier Wedlog Olsen.

Samordne ressursane

Med ein fylkesplan som er tufta på FN sine berekraftsmål, jobbar fylkeskommunen for eit styrka samarbeid i regionen, der samordning av dei offentlege ressursane og kompetansen står sentralt. 

− Den demografiske samansetninga i fylket er i endring, og i åra framover vil det bli langt fleire eldre samtidig som talet på barn og unge går ned. Dette vil vi måtte ta omsyn til både som tenesteprodusent og som samfunnsutviklar, fortel Wedlog Olsen.

Viktig for alle avdelingane

Ho meiner aldersvennleg-tematikken er viktig for alle avdelingane i organisasjonen. 

− Det handlar om alt frå korleis vi kan vere meir aldersvennlege innanfor tannhelse og kollektivtrafikk, til korleis vi kan tenke meir aldersvennleg innafor kompetanse-, kultur-, frivilligheit og næringsområda.

Stadsutvikling

Samtidig som de blir partnarar, går fylket også inn som medlem i Nettverk for aldersvennlige lokalsamfunn som består av meir enn 180 kommunar og fylkeskommunar.

− Deltakinga i nettverket vil også kunne styrke arbeidet vårt med stadsutvikling gjennom fylket sitt Program for berekraftig by- og tettstadutvikling. Det handlar om å utvikle nærmiljø og lokalsamfunn som fremmar god fysisk- og psykisk helse, og er prega av tillit, tilhøyre, tryggleik og tilgjengelegheit, seier kulturdirektøren.

− Fylkeskommunen er offensive og har sett mål om å bli berekraftsfylke nummer ein i landet. Aldersvennleg utvikling er berekraftig utvikling, så vi ser frem til det gjensidige samarbeidet, fortel Nina Myklebust som har ansvaret for partnarskapsordninga i senteret.

Kontakt