Støttar reiselivssatsing på Smøla

Fylkeskommunen støttar Smøla Nærings- og kultursenter KF med 500 000 kroner til eit treårig reiselivsutviklingsprosjekt der opplevingar for barnefamiliar står i sentrum. 

Skriv ut

Smøla har jobba langsiktig og målretta med reiselivsutvikling i kommunen. No ønskjer dei å utvikle aktivitetar og opplevingspakkar til alle som set pris på ein lærerik og aktiv ferie. Barnefamiliar er ei viktig målgruppe, og ein ønsker også at tilboda skal også vere tilgjengeleg utanom hovudsesongen. 

-Møre og Romsdal er eit fylke som først og fremst er kjent for spektakulær og eksepsjonell natur og naturopplevingar. Kultur og mat er også svært viktige element for mange i ei ferieoppleving. Forskinga viser også at turisten vel reisemål som kan tilby opplevingar, og ofte er det opplevingane som er avgjerande for kor ferieturen går. Dette prosjektet bidrar til å utvikle Møre og Romsdal som eit attraktivt reisemål, seier rådgivar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Lillian Sæther. 

I prosjektet skal det blant anna gjennomførast ei brukarundersøking og behovsanalyse, og det vil bli ein arbeidsverkstad for reiselivsbedriftene i kommunen. Opplevingspakkane vil deretter bli testa ut og eventuelt justert før lansering. 

Ein av pilotane i den langsiktige programsatsinga «Reiseliv, mat og kultur i Møre og Romsdal» er lokalisert til Veiholmen på Smøla. Også prosjektet «Ein bit av historia» har ein pilot på Smøla og etablering av eit kystkultursenter på Veiholmen er under prosjektering. 

-Spreiing av turiststraumen, både geografisk og i tid, vil bidra til fleire heilårs arbeidsplassar, og til mindre trengsel på dei mest besøkte reisemåla i fylket, samt at vi får vist fram kanskje litt mindre kjente perler som Smøla, seier Sæther.

Prosjektet har eit samla kostnadsbudsjett på 1,77 mill. kroner. Tilskotet frå fylkeskommunen på 500 000 kroner vart behandla i kultur, næring og folkehelseutvalet tysdag 4. mai. 

Les heile saka her