Støtta bok om Kulisteinen

Kulisteinen på Smøla blir sett på som Noregs dåpsattest og verdas nordlegaste runestein. No er historia om steinen gitt ut som bok, støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Skriv ut

Fylkeskommunen har tildelt Stiftelsen Nordmøre Museum i Kristiansund 50.000 kr i tilskot til utgiving av boka ‘Kulisteinen – grensemerke i tid og rom’.

Steinen var  opprinneleg reist på øya Kuløy mellom Edøy og Smøla utfor Kristiansund på Nordmøre. Det er på denne steinen at namnet "Noreg" første gong er brukt på norsk jord og første gong er skrive i runar .

I denne boka blir den meir enn tusen år gamle steinen presentert som både skriftkultur og monument og analysert av leiande fagfolk frå ulike felt. Boka går inn på kven som reiste steinen, kven som skreiv teksta og kva historie han kan fortelle oss.

Boka er gitt ut av Nordmøre museum i samarbeid med NTNU Vitenskapsmuseet og Institutt for sammenlignende kulturforskning.

Fylkeskommunen har også støtta undersøkingar av NIKU (Norsk institutt for kulturminneforsking) og konferanse i regi av Smøla kommune.

Kontakt