Stikk UT! kåra til årets regionbyggar 2020

–Stikk Ut! har bidratt til å gjere innbyggarane i fylket kjende med,  og stolte av sitt eige fylke. Det er eit tilbod for alle i Møre og Romsdal, uavhengig av geografi, alder og sosiale forhold. Med nesten ein million registrerte turar i 2020, er Stikk Ut! eit viktig folkehelsetiltak, sa fylkesordførar Tove-Lise Torve under utdelinga.

Skriv ut

Årets regionbyggar er ein heilt ny pris, og i ettermiddag vart den delt ut for aller første gong under Nyttårskonferansen.

–Vi er stolte!

Konseptet Stikk UT! er drifta av friluftsråda i fylket. Ola Fremo (Nordmøre og Romsdal friluftsråd) og Anne Berit Støyva Emblem (Sunnmøre friluftsråd) møtte opp for å ta i mot prisen.

Dei meiner det er mange årsaker til at Stikk Ut! har blitt ein suksess. –Dei gode naturopplevingane og det å oppdage turmål ein ikkje visste om. Det å vere på oppdagarferd og bli betre kjent i eige fylke. At deltakinga er gratis, open for alle og at det er enkelt å bli med. Turane er godt beskrivne, stiane er skilta, og det er tilrettelagt for parkering, seier Fremo.

Vi stilte også spørsmål om kva dei tenker om at Stikk UT! ikkje berre bidreg til betre folkehelse, men også er ei samlande kraft i fylket. –Det er vi veldig stolte av! Stikk UT! bidreg både til nærings- og samfunnsliv, rekruttering, betre folkehelse, bulyst og livsglede, seier prisvinnarane.

–Stikk UT! er med på å skape positiv identitet og stoltheit over å høyre til her. Naturen er ein viktig faktor for mange og eit trekkplaster for mange som bestemmer seg for å flytte hit. Innbyggarane som er med på Stikk UT! får kjennskap til deler av fylket som dei kanskje ikkje hadde gjort utan Stikk UT!. Og denne kjennskapen på tvers av kommunegrenser er svært viktig. Vi bidrar til ein felles tur-identitet i Møre og Romsdal!, avsluttar Emblem.

Målet er å stimulere til å bygge fylket saman

Det er programkomiteen for Nyttårskonferansen som er jury for prisen, og det står i statuttane at den skal gå til ein person, organisasjon, bedrift eller offentleg aktør som har utmerka seg på ei enkeltsak eller over tid som ei samlande kraft i fylket - eller har tatt spesielt initiativ som bygger Møre og Romsdal saman.

–Målet er att denne prisen skal stimulere til innsats for å styrke utviklinga i fylket vårt og bygge Møre og Romsdal saman, avslutta fylkesordføraren.

Kontakt