Skolestart: 90 prosent fekk oppfylt ønsket om utdanningsprogram

Ved skolestart hadde alle søkarar med ungdomsrett fått tilbod om skoleplass, men ikkje alle har fått det første ønsket sitt oppfylt. Det er omtrent på same nivå som i fjoråret.

Skriv ut

Totalt har 9440 søkarar fått tilbod om skoleplass. 9267  av søkarane har ungdomsrett, og av desse har i gjennomsnitt 90 prosent fått tilbod om utdanningsprogrammet dei ønsker. Fordelt på nivå har 87 prosent på Vg1, 91 prosent på Vg1 og 95 prosent på Vg3 fått tilbod på sitt første ønske. 

Søkarar som står på venteliste, kan få tilbod om ledige skoleplassar frå skolane. Skolane vil ta direkte kontakt med søkarane.

Søketrendane varierer 

- Kva som er dei mest populære utdanningsprogramma varierer frå år til år, og det er vanskeleg å vite kva søketrendane er på førehand. Det gjer det krevjande å tilpasse skoletilbodet slik at alle får ønska sine oppfylt, men vi forsøker så godt som råd å ordne det slik at elevane får ønska sine oppfylt og har tett dialog med skolane våre for å få til dette , seier Cecilie Buaas, konst.seksjonsleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune. 

Søkarar med ungdomsrett har rett til å få oppfylt eitt av tre alternative utdanningsprogram på Vg1. Sidan retten gjeld utdanningsprogram og ikkje skole, vil dei som ikkje kjem inn på skolen dei ønsker bli vidaresøkt til tilsvarande utdanningsprogram på ein annan skole. Søkarar til Vg2 og Vg3 har rett til inntak på eit programområde dei er kvalifisert til etter Vg1 og Vg2.  

Ungdomsretten 

Ungdom som har gjennomgått grunnskolen eller tilsvarande utdanning har lovfesta rett til vidaregåande opplæring. Denne retten blir omtalt som ungdomsrett. Ungdomsretten gjeld ut det skoleåret som startar det året personen fyller 24 år. 

Statistikk om inntak, som blant anna viser gjennomsnittskarakterar etter utdanningsprogram og skole, blir publisert i starten av september. 

Snarvegar

Kontakt