Skal utvikle nye utdanningstilbod for å hindre utanforskap

Utdannings- og kompetanseutvalet har vedtatt å støtte eit prosjekt som skal finne ut korleis arbeidslivet kan ta i bruk den digitale kompetansen mange ungdommar har. Målet er vinn vinn for begge partar: hindre at ungdom fell ut av utdanning, og tilføre næringslivet digital kunnskap.

Skriv ut

Forskings- og utviklingsprosjektet skal legge til rette for eit utdanningstilbod innan visuell teknologi for ungdom som har behov for praksis- eller læreplass. Målgruppa er ungdom som har stor interesse for gaming, og som av denne og eller andre grunnar står i fare for å falle utanfor. Møre og Romsdal fylkeskommune tildeler prosjektet ein million kroner.

– Gjennom gaming og digital fritid får ungdom viktig kunnskap og ferdigheiter som vi vaksne nok kan oversjå. Men næringslivet treng slik kompetanse, og vi må legge til rette for at vi ikkje kastar bort den ressursen som unge gamere er, seier næringssjef, Hilde Aspås.

Digitale talent

I prosjektet skal fylkeskommunen samarbeide med NAV sitt programtiltak «Digitale talenter», som er utvikla og levert av Kunnskapstrening IT, i samarbeid med ulike innovasjonsmiljø i Møre og Romsdal.

Tiltaket har kopla unge i utanforskap med arbeidsgivarar som treng digital kompetanse. Deltakarane, som blir rekruttert til tiltaket, har unik digital forkunnskap som programmering og koding, språk, strategi eller storytelling. Ofte er denne kompetansen opparbeidd gjennom gaming.

– At Møre og Romsdal fylkeskommune no går inn i utviklingssamarbeid med aktørane bak denne satsinga, er eit stort skritt i riktig retning også for næringslivet, seier næringssjef, Hilde Aspås.

Knekke koden

Ho peiker på berekningar frå NAV i 2018 som viser at ungdom som blir uføretrygda i 20 års alderen og blir ståande ufør kostar samfunnet meir enn 11 millionar.

- Det er derfor heilt essensielt at vi knekk koden for korleis vi kan hindre dette. Nye, praksisretta og meir utradisjonelle utdanningsløp kan vere eit av svara, fortset ho.

Lars Utstøl, dagleg leiar i Kunnskapstrening IT, meiner innsatsen på feltet har vore for fragmentert, og er særs glad for at regionen no tek eit samla grep for å løfte unge inn i samfunnet att.

- Næringslivet i Møre og Romsdal har underskot på digital kompetanse. Då er det ein naturleg strategi å sjå til dei talenta som allereie bur i fylket, dei er ein stor ressurs, fortset Utstøl.

Snarvegar

Kontakt