Skal reiselivet i Møre og Romsdal overleve, må dei henge seg på den digitale utviklinga

Eirik Norman Hansen, ekspert på digitalisering og teknologi, meiner reiselivsbedriftene i Møre og Romsdal må henge seg på den digitale utviklinga.

Skriv ut

Torsdag 23. og fredag 24. september skal han gi deltakarane på Opplevingsfestivalen dei digitale verktøya dei treng for å få fleire kundar.

Hansen fortel at opplevingsbedrifter har fått eit heilt annleis publikum enn dei har vore van med. Litt spissformulert seier han at det no ikkje er tyske fisketuristar som reiser rundt i Noreg, men nordmenn med krav til standard og oppleving.

- Det trur eg har vore krevjande. Tida med korona har påverka og endra folk sine forventningar, opplevingar og kvar dei reiser. Då må dei som skal ta imot gjestene gjere det enklare for dei som reiser ut for å oppleve landet, seier Hansen.

- Det finst så mange fleire moglegheiter enn vi veit – det vere seg alt frå korleis vi marknadsfører opplevingane, til korleis folk koplar seg på deg både før, under og etter dei har vore på opplevinga.

- Kva er utfordringa i opplevingsnæringane?

- Det som er spennande, er at vi no er usikre på kva som skjer. Vi har vore gjennom ein periode der vi har gjort som vi er pålagde – og no når vi skal gå vidare, opnar det seg nye moglegheiter. Men litt av utfordringa har vore at reiselivet var prega av å vere bortskjemde – det har ikkje vore nødvendig å endre seg så mykje fordi det har gått av seg sjølv. Men no merker vi at det ikkje er tilfelle. Mange treng å opne auga for å sjå korleis moglegheiter som finst, seier Hansen.

23. og 24. september kjem Eirik Norman Hansen til Molde for både å halde foredrag om framtida, teknologi og digitale utfordringar, men også for å vere konferansier på Opplevingsfestivalen 2021. Hit kjem aktørar innan reiseliv, lokalmat, aktivitetar, festivalar, kunst, hotell og transport for å få fagleg påfyll. Dei skal dessutan delta i «workshop» innafor tema digitalisering, sosiale media og berekraft.

Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som arrangerer festivalen, som går føre seg på Scandic Alexandra i Molde. Festivalen er ein kickoff for reiselivet i Møre og Romsdal etter covid-19.

Fristen for påmelding er satt til fredag 17. september.

I tillegg til Eirik Norman Hansen, skal både Sveinung Jørgensen frå Bærekrafteventyrerne og hypokonderlegen, Ingvar Wilhelmsen, innleie på konferansen.