Siste frist for å nominere til Fylkeskulturprisen!

Kjenner du nokon som har gjort ein spesiell innsats for kulturlivet i Møre og Romsdal? Send inn forslag til kandidat innan 15. oktober

Skriv ut

Prisen skal vere til inspirasjon for personar eller organisasjonar som bidrar til å halde ved like og vidareutvikle det kulturelle mangfaldet i fylket. Sjølve prisen, ein diplom og 50 000 kroner, blir delt ut på fylkestinget i desember.

Kven kan få prisen?

Prisen skal gå til ein person, gruppe, lag eller organisasjon som legg ned stor innsats for kulturlivet i fylket. Dei må vise evne og vilje til å yte ein innsats for kulturen utover det vanlege og eller ha talent, vise kreativitet og evne til nyskaping.

Snarvegar

Kontakt