Seminar om sentrumsutvikling

Tettstadprogrammet i Møre og Romsdal har gleda av å invitere kommunar som jobbar med sentrumsutvikling til seminar på Vestnes fjordhotell 30.09-01.10. - Endeleg kan vi invitere til eit fysisk seminar med byvandring og ha samtalar om sentrumsutvikling. Dette gler vi oss veldig til, seier Ingvild Gjerdset i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Skriv ut

I år går turen til Vestnes, der vi mellom anna skal sjå på Sjøfronten og andre byrom og tiltak i sentrum. Vestnes har over lenger tid jobba aktivt med sentrumsutvikling, noko vi både skal få sjå og høyre om.

Programmet er i første rekkje eit tilbod til kommunane, men andre som synest programmet er interessant er også velkomne til å melde seg på.

Frist for påmelding er 15. september, men det er eit avgrensa antal plassar, så det kan vere lurt å sikre seg plass allereie no.

Vi skal blant anna innom tema som «kven tek ansvar for sentrum?», fortetting og «frå plan til gjennomføring». Det blir også byvandring og arbeidsverkstad. Dessutan er dette ein super arena for å treffe andre som jobbar med sentrumsutvikling; både pausar og middag kan nyttast til å dele erfaringar og diskutere prosjekt med kollegaer. Det faglege innhaldet på seminaret og resultata frå verkstaden vil dessutan bli nytta i arbeidet med ny fylkesstrategi for attraktive byar og tettstadar i Møre og Romsdal.

Snarvegar

Kontakt