Seier nei til auka ferjepris for pendlarar og næringsliv

Statens vegvesen foreslår ny takst- og rabattstruktur på ferje. Vegvesenet legg opp til ein prisreduksjon for nokre trafikantar, men ein takstauke for pendlarar og næringsliv.

Skriv ut

Fylkeskommunedirektøren meiner det antyda prisnivået ikkje er mogleg å gjennomføre og ber om at Statens vegvesen lager ei løysing som også gir pendlarane ein prisreduksjon.

Saka blir behandla av samferdselsutvalet onsdag 1. desember.

Ønsker plan for halvering av prisane

Bakgrunnen for forslaget, som Statens vegvesen har laga på oppdrag frå Samferdselsdepartementet, er at Stortinget ønsker ei forpliktande plan for halvering av ferjeprisar på riks- og fylkesvegferjer. Lågare takstar for pendlarar skal prioriterast.

Statens vegvesen har frist til 1. januar 2022 med å gjere ein gjennomgang av takst- og rabattstrukturen i ferjedrifta, og har no laga eit forslag som er sendt ut på høyring. Vegvesenet foreslår blant anna:

  • Rabatt på 10 prosent ved bruk av Autopass
  • Autopassferje: Ta bort krav til forskotsbetaling, som i dag gir 50 prosent rabatt. Innføre rabatt på 20 prosent ved registrering av debet- eller kredittkort
  • Fjerne regel for liten bil med tilhengar
  • Redusere tal takstgrupper ved å slå saman gruppene for biler lengre enn 14,5 meter i ei gruppe

Positiv til forenkling

Fylkeskommunedirektøren er positiv til forenkling av takstreglementet, og positiv til å avvikle forskotsbetalinga for Autopassferje. Men han finn ikkje at løysinga med å bruke ei utrekning basert på nasjonalt nivå/riksvegferjer med 17% rabatt, er mogleg å gjennomføre: «17% generell prisnedgang er eit skritt i den retninga, men ikkje når dette blir finansiert av prisauke for pendlarar gjennom at dei får redusert rabatt», går det fram av saksutgreiinga.

I forslaget til vedtak heiter det blant anna at «Fylkeskommunedirektøren ber Statens vegvesen om å rekne på ei komplett løysing der vedtekne intensjonar frå Stortinget om  reduksjon i ferjeprisen blir ivaretatt for alle takstgrupper, enten det gjeld pendlarar eller næringsliv.»

Møre og Romsdal fylkeskommune føreset også at eventuelle inntektsverknader som følgje av omlegginga blir kompensert. Dessutan at fylkeskommunane, som har fleirtalet av ferjesambanda, blir involvert i det vidare arbeidet.

Møre og Romsdal fylkeskommune følgjer i dag AutoPASS-regulativet slik Vegdirektoratet utformer det, og dersom fylkeskommunen fortsett med det, vil også endringa som er foreslått påverke fylkesvegferjene i Møre og Romsdal.

Snarvegar

Kontakt