Richard Muller er tilsett som HR-sjef

Etter ekstern utlysing med 20 søkarar til stillinga som HR-sjef, er Richard Muller (42) tilsett.

Skriv ut

Muller har arbeidd i fylkeskommunen ved HR-seksjonen (tidlegare personalseksjonen) sidan august 2010, og frå januar 2020 har han vore konstituert som HR-sjef. Muller har ein master innafor organisasjonspsykologi frå NTNU i Trondheim, og er i tillegg sertifisert til å gjennomføre faktaundersøkingar og personlegheitskartlegging.

Muller har brei erfaring og har arbeidd med dei fleste områda HR-seksjonen har ansvar for. Han har særleg jobba med leiarutvikling, medarbeidarundersøkingar (MTM), arbeidsmiljø og organisasjonsutvikling, overordna ansvar for fylkeskommunen sitt arbeid med IA (inkluderande arbeidsliv), og vore tungt involvert i vanskelege enkeltsaker (personalsaker, konflikthandtering og varslingssaker).

HR-seksjonen har over ei lengre periode hatt redusert bemanning. Det blir no satt i gang prosess for å rekruttere inn i ein HR-rådgivar i Muller sin gamle stilling.

HR-seksjonen inngår som ein del av den nye staben for organisasjon og tenesteutvikling saman med kommunikasjon, IT, og tenesteutvikling og digitalisering. Avdelinga er leia av organisasjonssjefen.

 

 

Kontakt