Rekordhøg tildeling til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune har fordelt 88 millionar kroner i spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Det er meir enn nokon gong tidlegare.

Skriv ut

Tildelinga vart vedtatt i kultur-, næring- og folkehelseutvalet 8. juni.

Ventetida går ned

At årets spelemidelpott er den største nokon gong i Møre og Romsdal skuldast ei rekordhøg overføring frå Kulturdepartementet og eit historisk høgt speloverskotet i Norsk Tipping. Samtidig var den samla søknadssummen i Møre og Romsdal lågare enn i fjor. Denne kombinasjonen gir mindre etterslep og kortare ventetid på å få tilskot til idrettsanlegg i Møre og Romsdal.

Totalt kom det inn 260 søknadar om spelemideltilskot på i alt 371 mill. kroner, og 103 av søknadane fekk tilskot, det betyr at 24 prosent av søkesummen vart innvilga.

- I tillegg til overføringa frå Kulturdepartementet har vi 4,6 millionar i rentemidlar og inndratte midlar. Desse vil bli fordelt til hausten. Til saman fordeler vi 92 mill. kroner til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i 2021, seier utvalsleiar Marit Nerås Krogsæter.

Dette gir ei gjennomsnittleg ventetid på å få spelemidlar på tre år, eit halvt år kortare enn i fjor.

Meir til nærmiljøanlegg

I fordelinga av midlane er det tatt omsyn til geografisk spreiing. Det blir gitt tilskot til søkarar i alle kommunane. I år går det også meir midlar til nærmiljøanlegg; 12,4 mill. kroner, mot 10,2 mill. kroner i fjor.

- Vi får ikkje berre søknader om tilskot til store og kostnadskrevjande anlegg, men også til mange nærmiljøanlegg. Dette er gledeleg, for vi ønsker at avstanden til aktivitetsanlegg skal vere kortast mogleg for flest mogleg, seier utvalsleiaren vidare.

Det blir gitt mest tilskot til anleggskategoriane idrettshallar og aktivitetssalar, svømme- og stupeanlegg, og fotballanlegg. Desse får 55 millionar kroner, eller omlag 62 prosent av potten. Desse søkte også om mest.

Dokumenter

Kontakt