Reknes kompetansehub og Macé-senteret vil styrke kvarandre

Utvikling av Reknes kompetansehub står ikkje i konflikt til planane til Macé-senteret. Angvik Eiendom AS og Møre og Romsdal fylkeskommune held fram samarbeidet om å etablere eit kompetansesenter innanfor bygg og eigedom i Molde.

Skriv ut

19. august det ble kjent at Møre og Romsdal fylkeskommune og Molde kommune planlegg verdas første senter for sertifisering av berekraft, lokalisert til Reknes i Molde. Senteret har fått namnet Molde berekraftshub.

Saka blei utsett i møtet i fylkesutvalet 30. august. Etterpå har det vore samtalar mellom fylkeskommunen og Molde kommune og fylkeskommunen og Angvik Eiendom AS.

I møtet mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Angvik Eiendom AS kunne aktørane konkludere med at det ikkje er motstrid mellom Reknes kompetansehub og Macé-senteret, tvert imot vil dei kunne styrke kvarandre.

Saka kjem no på nytt opp for fylkesutvalet når dei møtest 21. september, og fylkeskommunedirektøren har denne innstillinga i saka:

  1. Fylkesutvalet sluttar seg til Intensjonsavtalen mellom Molde kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune om Prosjekt Utvikling av Reknes Kompetansehub.
  2. Fylkesutvalet gir fylkeskommunedirektøren mynde til å inngå naudsynt samarbeidsavtale der både prosjektet sitt mandat, organisering/styringsstruktur – eventuelt oppdeling i underprosjekter, vedtaks-/myndigheitsmatrise mv. går fram.
  3. Fylkesutvalet føreset at fylkeskommunedirektøren på vanleg måte legg fram for politisk handsaming dei spørsmål som er naudsynt før gjennomføring av prosjektet sine mål.
  4. Fylkesutvalet gir fylkeskommunedirektøren mynde til å inngå intensjonsavtale med Angvik Eigedom AS vedkommande utvikling av eigedomshub/kompetansesenter innan utvikling og drift av fast eigedom i Molde.

Snarvegar

Kontakt